Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Hardt å vera bankdirektør

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mange sjefar har måtta forlate Danske Bank i København.

Foto: Jacob Gronholt-Pedersen / Reuters / NTB scanpix

3714
20190628
3714
20190628

Ein dansk ven som slo seg til, ned og opp som forretningsmann i Noreg, hadde ikkje meir respekt for sine opphavlege landsmenn enn at han gjerne sette sjølvironien deira på prøve: «Når du har handhelsa på ein som driv i dansk business, skal du telja fingrane dine etterpå», var eit valspråk han ofte brukte i selskapslivet. Han gav aldri opp vona om å få applaus, men han nådde ikkje slike høgder at trommehinnene hans var i fare.

Kor harde dei danske metodane kan vera, kom det ei ny påminning om måndag. Da måtte den påsette direktøren for Danske Bank gå på dagen, etter at han fekk skulda for at 87.000 kundar hadde vorte lura med på eit investeringsprosjekt med så høge bankgebyr at dei ikkje kunne unngå å tapa pengar. Dei får 400 millionar danske kroner – over ein halv milliard norske – i erstatning, pluss ei orsaking. Ti direktørar, mellom dei den norske sjefen som vart avsett i oktober, er sikta og hamnar truleg på tiltalebenken når SØIK, Danmarks svar på Økokrim, har sett på saka. Sjefen for det danske finanstilsynet vart avsett denne månaden, også han er under gransking. Det kan ha samanheng med den store kvitvaskingssaka som Danske Bank er mistenkt for etter litt for kreativ bruk av filialen i Estland. Her er det snakk om mogleg svindel for 1500 milliardar danske kroner, nær to tusen milliardar norske, det meste av det truleg kanalisert frå russiske oligarkar til trivelege stader som Cayman Island og Panama, med vakre palmar, tropisk bris og god stemning, får vi tru.

Stanken frå desse transaksjonane reiv såpass beiskt i nasen på folk i direktøretasjen i Danske Bank at ei intern gransking var i gang. Men ho vart brått stansa i mai 2014, berre 24 timar før granskarane skulle flyga til Tallinn for å få ei forklaring frå bankfolka sine i den estiske hovudstaden. Det var to direktørar som drog i naudbremsa. Dei er ikkje i banken lenger.

Som om dette ikkje skulle vera nok i midtsommarveka, godtok bergingsselskapet Falck ei bot på 150 millionar danske kroner for å ha bruka press og andre tvilsame metodar for å få vekk ein nederlandsk konkurrent som til slutt gjekk konkurs. Nei, sa den danske direktøren, det ligg ikkje i den bota at vi vedgår å ha gjort noko gale. Vi måtte berre rydda litt, og no gjeld det å leggja dette bak oss, verta ferdige med det, og sjå framover og koma vidare, la han til.

Dette har gått parallelt med den store danske skattesaka, der over 12 milliardar danske kroner har enda hos ein indisk storkapitalist i Dubai. Denne summen er teken ut som refundert meiromsetningsavgift, noko han fekk ved hjelp av forfalska dokument. Ein funksjonær som hjelpte til med dette prosjektet, sit bak det danskane kallar «stive gardiner», og sjefen hans svarar for godt og vel to av desse milliardane. Ho brukar delar av den danske sommaren til å svara på vanskelege spørsmål i ein komité i Folketinget, men hadde ikkje skjøna meir enn at medlemene der med kraftig uterøyst måtte gjera det klårt for henne at ho nok trong ein advokat, sidan ho hadde vore altfor serviceinnstilt.

Så, i det som danskane kallar småtingsafdelingen, har vi skatteministeren. Han er ein søtmons og har dei siste fire åra fått refundert tre tusen danske kroner til innkjøp av lakris til personleg forbruk. Det er sjølvsagt at han ikkje skal betala slikt av eiga lomme, så sjølvsagt at journalistane ikkje eingong har umaka seg med å spørja om det. Dessutan er det berre småpengar når ein til dagleg snakkar om milliardar, slik danskane er vane med frå sitt eige bankvesen og filmane om Olsen-banden.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ti direktørar, mellom dei den norske sjefen som vart avsett i oktober, hamnar truleg på tiltalebenken når SØIK, Danmarks svar på Økokrim, har sett på saka.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis