Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Hausttakkefesten og helsefaren

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den heldige kalkunen Corn og president Donald Trump i rosehagen i Washington 24. november 2020.

Foto: Hannah McKay / Reuters / NTB

3489
20201127
3489
20201127

Det er nokre millionar amerikanarar som ikkje feirar jul om fire veker. Dei aller fleste har den viktigaste høgtida si denne helga, anten dei er jødar, muslimar eller høyrer til andre trussamfunn: Thanksgiving, eller hausttakkefesten. Som så mykje i dette underlege året vert ikkje høgtida som ho pleier. Styresmaktene gjer sitt beste for å få folk i USA til å skjera ned på reisene denne siste helga i november; smittefaren med covid-19 er slik at dei helst burde halda seg heime og ikkje samlast i store flokkar for å eta kalkun saman med storfamilien.

Hausttakkefesten er ikkje ei religiøs høgtid, men ein nokså fastspikra og rituell tradisjon har det vorte. Opphavet finn vi i ein av dei nasjonsdannande mytane frå nybyggartida, før USA vart eit samla rike: Det var nokre nybyggjarar som vart gjesta av indianarar i grannelaget, og fordrageleg delte dei maten i fred og harmoni. Samlivet mellom dei amerikanarane som kom utanfrå, og dei som budde der frå før, har nokså mange brutale og disharmoniske sider i tillegg til mytane, men det er ikkje poenget med hausttakkefesten. Om det så er presidenten, og mange av dei har vore temmeleg krigerske av seg, skal han ved denne høgtida vera så fredeleg at han skal sjå i nåde til ein kalkun. Det er éin av dei som ikkje skal slaktast, men få livet i gåve og døy gamal og mett av dagar i pensjon hos ein kalkunbonde.

Det har sine sider med slike ritual: Ronald Reagan var like livredd kvart år for at kalkunen skulle flyge i fleisen på han, og han prøvde å gje visepresidenten i oppdrag å ta på seg seremonien. Det nekta visepresident George H.W. Bush blankt kvart einaste av dei åtte åra, og han prøvde seinare ikkje å vri seg unna denne plikta i dei fire åra han fekk vera statsoverhovud.

Med ein ansats til melankoli gav Donald Trump tappert amnesti til den kalkunen som stilte seg opp framom fjernsynskamera og mikrofonar denne veka. Om han (Trump) ikkje stiller til val i 2024 og vinn, var det siste gongen.

Det vert alltid for mykje kalkun, og eg har gøymt unna ei samling avisutklipp med oppskrifter på kalkunrestar frå USA-åra våre. (Det er altså oppskriftene som er frå desse åra, ikkje kalkunrestane.) Men vi stilte sterkare enn grannane våre: Vi hadde samla Ingrid Espelids kalkunoppskrifter, og den dama hadde, slik vi eldre hugsar det med glede, dreis på kalkunvariasjonar som dei innfødde vart overlag imponerte over.

Om vi ser bort frå Donald Trumps problem i avgangsåret, er hausttakkefestmiddagen rein glede, til vanleg utan andre problem enn at det som sagt vert for mykje mat. Men smittefaren i år er slik at det kan verta for mange ved bordet, og dei lange og mange reisene er ein risiko som gjer at helsestatistikarane bur seg på langt høgare dødstal etter denne helga.

Dette er verre enn at folk et for mykje: Problemet i USA, som her i Noreg no i november, er at det er for mange samla og dermed for høg smitterisiko. Det kan Ingrid Espelid og hennar smilande velvilje og varme handlag ikkje gjera noko med, og slett ikkje post mortem.

I tillegg kjem helseskadane ved den store biltrafikken når så mange svoltne amerikanarar skal forflytta seg over så mange kilometer. Og som vanleg, nær sagt, var det meldt snø og glatt føre over store delar av det amerikanske kontinentet ved denne hausttakkefesten òg – november er november i Europa som i Nord-Amerika.

Likevel: Happy Thanksgiving!

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ronald Reagan var like livredd kvart år for at kalkunen skulle flyge i fleisen på han.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis