Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Koronarisiko for ein gamling med kreft

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Koronaviruset.

Koronaviruset.

Koronaviruset.

Koronaviruset.

3424
20200424
3424
20200424

Lesaren får ta det med sinnsro: Som avistitlar flest er heller ikkje denne så ille og gravferdsdyster som ein først kunne tru. Men likevel: Ein skal ikkje ha lese mykje for å ha fått med seg at den utrivelege vintergjesten dette året, koronaviruset, er rekna som spesielt farleg for menneske i høg alder og med det som vert kalla underliggjande tilleggssjukdomar – ein variant av det gamle ordtaket om ulykker som sjeldan kjem åleine.

Så da 80-årsdagen min i enkle former kunne feirast før påske etter tre år med cellegift mot kreft pluss ein fersk koronadiagnose med snørr, tørrhoste, magesjau og anna småsnadder, sette eg tappert strek over all fare for å verta skulda for hypokondri og fann ut at ein fagleg samtale med ein mann i kvit frakk og med makt til å skriva ut reseptar måtte vera på sin plass. Aldersgrensa for «svært gamal» var sett til under 70, og kreft måtte opplagt kvalifisera som «underliggjande tilleggssjukdom», meinte eg, utan spesielt store dosar med fagkunnskap. Og det som interesserte meg, var å få vita meir om kombinasjonen kreft og korona: Kor mykje aukar dermed risikoen for at det snart kunne verta bruk for Vidar Sandbecks poetiske oppsummering av den uunngåelege enden på visa: «… med prest og med klokker og granbar og blommer og bord og firtoms spik».

Medisinaren, som eg snakka med i telefon, rimeleg nok, klødde seg i hovudet, kunne eg høyra, og eg lit på han av ein svært enkel grunn: Han har alltid halde seg til eit ordtak mange fleire burde ha som valspråk: «Når ingen ting anna nyttar, prøv med sanninga.» Så han sa beint fram: «Det veit vi ikkje. For viruset er nytt, og det gjer mykje rart. Du får kjenna etter om lungene dine oppfører seg normalt. Gjer dei det, bør du greia deg bra. Mange gjer faktisk det, trass i at det er mykje dystert å sjå i avisene og i fjernsynet.»

Eg takka for oppmuntringa; vi hadde tidlegare snakka om koronapasientar med tette lunger og bruk for slange og respirator. På veg dit var eg da visst ikkje, jamvel om ingen kan vita noko sikkert.

Han vart litt meir utrygg da eg spurde om det ikkje var rimeleg å tenkja seg at kreft som «underliggjande tilleggssjukdom» og den høge alderen knappast kunne reknast som føremoner, jamvel om god matlyst og godt sovehjarte vel måtte skrivast på pluss-sida? Han ville ikkje svara bestemt på det, men mumla noko om at det er ein del ukjende faktorar som kan slå overraskande ut. Vi er i ukjent terreng, sa han. Eg gjer konstant vald på meg sjølv og kranglar aldri med han, eg fylgjer oftast eit råd som eg såg som plakat i ei ølbule i Atlanta i USA ein gong i førre hundreåret: «Ypp ikkje til krangel med dokteren din. Han er innsideinformert.»

Men når han no vedgår at den informasjonen han har, kanskje ikkje er heilt å lita på når viruset er nytt, og han er usikker på det han får høyra kvar veke frå andre fagfolk og frå tidsskriftartiklar? Vi vart samde om at eg fekk velja mine eigne råd: Eta godt, sova mykje og halda fram med den svinedyre kreftmedisinen som Bent Høie og Camilla Stoltenberg spanderer på meg, og som har halde meg ovan torva sidan 2017, utan bruk for kirurgi eller gravferdsbyrå.

Om dette livet har sine lyse sider, i tillegg til den vårsol som i bakkane blenkjer? Det skal eg lova. Eg treng ingen kriminalromanar for å ha eit element eller fem av spenning. Kvar dag.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Ypp ikkje til krangel med dokteren din. Han er innsideinformert.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis