Mannefall i juni
Per Hækkerup, «statsmanden, der aldrig blev statsminister» i Danmark.
Foto: NTB scanpix
August er ein vond månad, i alle fall har ein kjend irsk roman den tittelen. Forfattaren har nok tenkt på alle demonstrasjonane og opptoga i Nord-Irland gjennom åra, og kanskje er meir i vente denne ettersommaren òg.
Men kan hende greier vi oss lenge med juni i år. I dag går Theresa May av som leiar i det konservative partiet i Storbritannia. Statsminister lyt ho vera ei stund til, heilt til toryane har funne etterfylgjaren hennar. No til dags vert slikt avgjort ved gjørmebryting. Sjefen for dei tyske sosialdemokratane gjekk av denne veka, etter det syrgjelege valet til Europa-
parlament. Og kor mange danske partileiarar som må pakka saman etter folketingsvalet i vår gamle kolonimakt i forgårs, får vi vita før jonsok. Men skifte av statsminister låg det an til etter meiningsmålingane.
Hos oss var det meste enklare før. Da eg tok til på folkeskolen, heitte statsministeren Einar Gerhardsen. Det heitte han både da eg byrja på gymnaset og da eg gjekk ut, og vi rakk å gifta oss og få det første barnet vårt under Einar Gerhardsen. Skeiserekorden på 10.000 meter var 16.32.6, dollaren sto i 7,14 kroner, og statsministeren heitte Einar Gerhardsen.
Sidan vart det annleis. Gerhardsen sjølv var meir usikker, han sa ein gong til bror sin, Rolf, at «du er redaktør og veit at du har jobb i neste veke, så du kan kjøpa deg hus. Det veit ikkje eg om eg kan».
Kor utrygg, barsk og ufin politikken kan vera, veit danske politikarar betre enn dei norske. Da Jens Otto Krag fekk fleirtal ved folkerøystinga om dansk medlemskap i EEC i 1972, overraska han alle ved å gå av dagen etter. Så overraska han utanriksministeren sin, Per Hækkerup, ved å peika ut fagforeiningsleiaren Anker Jørgensen til ny regjeringssjef. Hækkerup vart rasande, og ikkje berre fordi han meinte at han var sjølvskriven til toppstillinga og fordi Anker Jørgensen aldri hadde sete i Folketinget. Den forsmådde og sure Hækkerup, som til vanleg var ein glad laks, sa til Krag at det kanskje hadde vore ein tanke å rådføra seg med folk som hadde litt peiling på kven som var kvalifisert.
– Per, det har vi gjort, sa Krag og tok ein dram til. Hækkerup vart ikkje gladare av den replikken.
No var ikkje Hækkerup av dei som sparte andre for skarpe merknader. Ein gong var han på gjesting i eit afrikansk land sør for Sahara. Der hadde danskane nokre hjelpeprosjekt, og ein ekspedisjonssjef som var ansvarleg for dei, var med i delegasjonen. Han var kjend som ein byråkratisk tørrpinne, og Hækkerup delte flysete med kona hans. Utanriksministeren såg ned på Sahara og sa: «Ja, der nede har altså Deres mand arbejdet. Det kan man lige se, ikke?»
Og det er ikkje berre politikarane. I førre tiåret sende to danske forfattarar ut ein appell om at dansk debatt trong ein venlegare og høflegare tone. Dei to var Claus Rifbjerg og Carsten Jensen. Skribenten Bo Bjørnvig, som i årevis hadde fått hatten full av grove injuriar frå Rifbjerg, siterte nokre av dei, og det vart stille frå Rifbjerg. Carsten Jensen vart spurd om han tykte det var eit rosverdig bidrag til betring av debattklimaet at han konsekvent kalla statsminister Anders Fogh Rasmussen, seinare generalsekretær i Nato, for ein apekatt. Jensen, som elles har eit stort ordtilfang, skjøna ikkje spørsmålet. «Mannen er ein apekatt, og da må eg kunna kalla han det,» sa han.
Så får vi sjå om juni vert ein god eller ein vond debattmånad. Men ikkje alt er skeivt og vondt i Danmarks rike. Det var ein skarp, men god og reieleg diskusjon mellom statsminister Lars Løkke Rasmussen og utfordraren hans, sosialdemokraten Mette Frederiksen, i dansk fjernsyn søndag kveld.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kor utrygg, barsk og ufin politikken kan vera, veit danske politikarar betre enn dei norske.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.