Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Medalje og ros til russiske enker

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Heider og medaljar til enkene etter dei kjernefysiske ekspertane som i sommar mista livet i rakettulykka i Njonoksa.

Foto: Alexei Druzhinin / TASS

3669
20191129
3669
20191129

President Vladimir Putin lét det gå over hundre dagar, men torsdag 21. november heldt han ein vakker seremoni i Kreml: Enkene etter dei sju kjernefysiske ekspertane som i sommar mista livet ved den alvorlege rakettulykka i Njonoksa ikkje langt frå Arkhangelsk, vart heidra med medalje og ros av statssjefen.

Det var ein seremoni og ein presidenttale som fekk svært avgrensa omtale utanfor Russland, og overskriftene var heller ikkje store. Eit bilete frå ein av salane i Kreml viste ein alvorstung Putin som kondolerte ei av dei russiske enkene. Ho stod med ryggen til fotografen.

Ulykka hende 8. august, og i desse tre månadene har russiske styresmakter ikkje vore altfor rause med detaljane. Det var heller ikkje Putin for eit års tid sidan. Men da slo han likevel på stortromma ved å kunngjera at nyårsgåva til det russiske folket frå toppleiarane var eit heilt nytt, toppmoderne rakettvåpen med kjernefysisk motor, og at det er på eit så høgt nivå at det ikkje finst, eller nokon gong kan utviklast, forsvar mot det. Det nye våpenet har ein toppfart som gjer at det vanskelegaste tekniske problemet ved det synest å vera å få det bremsa ned før det når målet, slik at det vert heilt treffsikkert. Om det som svikta i august, har russarane berre sagt to ting: Dei som sette livet til, var mellom dei fremste russiske våpenekspertane med hovudbase i det leiande russiske atomforskingssenteret i Sarov nordaust for Moskva («objektet» i Andrej Sakharovs memoarar). Og dei andre detaljane var originalt nok ei avskrift av eit par offisielle amerikanske kommuniké om hendinga. Der heitte det mellom anna at det gjekk gale da ekspertane skulle henta ein moderne rakett opp til overflata frå ei flytande utskytingsplattform som låg nokre meter under overflata, og at det vart ein ukontrollert kjernefysisk reaksjon. Dette vart repetert i den offisielle russiske meldinga om seremonien i Kreml for åtte dagar sidan.

Meir veit vi ikkje. Det vil seia: Somme spesialistar, både i USA og i Russland, veit truleg meir, men vi kan rekna med at dei er godt betalte for ikkje å seia noko ut over det dei har fortald til no. Vi andre, som kanskje har sjelsopprivande minne om jule­gåver som ikkje alltid verka slik dei skulle, enda dei sikkert var av det mindre kompliserte slaget, lyt dermed nøya oss med det – og lita på, eller vona, at også dette moderne våpenet held seg til «reglane» og gjer nytta si på den eine måten at dei ikkje vert brukte. Sant nok vart det i ei kort tid målt farleg høg radioaktiv stråling i den stengde byen Severodvinsk, der Russland har det viktigaste verftet sitt for bygging og vedlikehald av atomdrivne ubåtar med kjernefysiske våpen. Men strålinga gjekk svært snøgt over – om no desse meldingane er pålitelege. Alt dette har ei viss interesse for norske område og dermed, aktuelt nok, for norsk etterretning: Det er ikkje altfor langt frå Njonoksa og Arkhangelsk, nabobyen til Severodvinsk, til Kirkenes.

Under seremonien sa Putin enda ein gong at det nye våpenet, som heiter «Stormfuglen» – Burevestnik – er så moderne at det ikkje har sin make nokon stad i heile verda, og at arbeidet med å perfeksjonera det vidare skal halda fram etter ulykka. Så kom enda eit par avsnitt med ros til dei ekspertane som hadde ofra livet for å «garantera fred på jorda», og presidenten gav uttrykk for medkjensle med dei etterlatne familiane, med kvinner og born som hadde rett til å vera stolte av ektemennene og fedrane sine.

Dermed skulle julestemninga vera berga for oss alle ved dette årsskiftet òg.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Så kom enda eit par avsnitt med ros til dei ekspertane som hadde ofra livet for å «garantera fred på jorda».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis