Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Når historia skal «omarbeidast»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Putin har utnemnt seg sjølv til «krigar for historia». Polen har seg sjølv å takke for både det tyske og det russiske åtaket på landet i 1939, meiner han no.

Foto: Maxim Shemetov / Reuters / NTB scanpix

3850
20200124
3850
20200124

Lytt til artikkelen:

Det er tungt og risikabelt arbeid å skriva historia på nytt, og denne veka førte eit overraskande utspel frå president Vladimir Putin til at den polske presidenten, Andrzej Duda, vart heime i Warszawa i staden for å samlast i Israel for å markera 75-årsdagen for frigjeringa av den nazityske dødsleiren Auschwitz. Svært mange andre stats- og regjeringssjefar reiste.

Når det polske statsoverhovudet ikkje tok turen til Israel, var det fordi Putin har hatt eit stygt tilbakefall i tolkinga av samarbeidspakta mellom Nazi-Tyskland og Sovjetunionen i august 1939. I staden for å halda fast ved det som har vore den offisielle russiske lina dei siste åra, nemleg at dette samarbeidet bana vegen for det tyske åtaket på Polen og utbrotet av den andre verdskrigen, la Putin vekt på at den polske ambassadøren i Berlin var antisemitt. Polen var ikkje fritt for antisemittisme i 1930-åra, men ein viktigare grunn var at samarbeidspakta gjorde det mogleg for russarane å gå til åtak på Polen frå aust 17 dagar etter det tyske åtaket frå vest, og få denne vanskapnaden (Polen) bort frå Europa-kartet, som utanriksminister Molotov så vakkert formulerte det.

Mellom dei som gav Putin ei djerv og saftig refsing, var professor Aleksej Miller ved det europeiske universitetet i St. Petersburg. Til avisa Novaja Gazeta sa Miller denne veka at det å kalla pakta «ein stor siger for det sovjetiske diplomatiet er gal manns tale». Fram til det sovjetiske samanbrotet for snart 30 år sidan var dette offisiell politikk frå Kreml si side. I staden har Putin utnemnt seg sjølv til «krigar for historia». Til ettertanke kan det nemnast at den norske avisa Friheten gav uttrykk for det same synet i september i fjor, i ein artikkel på 80-årsdagen for Hitler-Stalin-pakta. Derimot slutta Putin, som da var statsminister, seg til det polske synet under 70-årshøgtida i Warszawa 1. september 2010.

Dei vanskane Putin slit med om dagen, er ikkje reint få. Ikkje berre har han skifta statsminister og gjort skattedirektør Mikhail Misjustin til regjeringssjef. Nokre dagar seinare fekk riksadvokat Jurij Tsjajka avskil i «samband med overgang til ei anna stilling». Den næraste medarbeidaren hans, Igor Krasnov, fekk plassen. Han har hatt ansvaret for etterforskinga av fleire attentat, mellom dei drapet på menneskerettsadvokaten Stanislav Markelov i 2009 og politikaren Boris Nemtsov i 2015. Ingen av desse attentata er rekna som ferdig etterforska. Begge desse to var kritikarar av Putin.

Markelov var rådgjevar for den kritiske avisa Novaja Gazeta og vart drepen saman med ein av medarbeidarane i bladet.

Mellom dei skandalane som det har vore lite tale om i Russland, er ei lang rekkje bombetruslar den siste tida. Dei har medført evakuering av skolebygningar, barnehagar, fødeklinikkar (!) og andre institusjonar, og måndag skreiv sjefredaktøren i avisa eit offentleg brev til sjefen for tryggingspolitiet, det gamle KGB, med nærgåande spørsmål om manglande effektivitet i granskinga av desse sakene. Trugsmåla har sett sitt preg på dagleglivet i både Murmansk og St. Petersburg – og i Blagovesjtsjensk lengst aust i Sibir, der det sjeldan er varmare enn 20 kuldegrader på denne tida av året. Folk flest tykkjer ikkje det er stas å verta ståande ute i fleire timar.

Rimeleg nok gjorde nok Putin opphaldet i Israel i går (torsdag) så kort som råd var. Men han veit godt at alt dette slit på populariteten, anten han skifter ut både statsminister og riksadvokat eller sparkar eit par–tre leiande lokalpolitikarar for korrupsjon – slik han òg har gjort. Det er fleire enn nok å ta av, og enno er mykje ugjort i det stykket. Da er det enklare å halda fram som «krigar for historia». Men duger det?

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Få denne vanskapnaden (Polen) bort frå Europa-kartet, som utanriksminister Molotov så vakkert formulerte det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis