Notre Dame og Sakshaug-kjerka
Olivier Latry, førsteorganist ved Notre Dame-katedralen i Paris, held opningskonsert med det nye orgelet i Sakshaug-kyrkja.
Foto: Deyan Parouchev
For ein patriotisk inderøyning er det ikkje meir enn rett og rimeleg at det er førsteorganisten ved Notre Dame-katedralen i Paris, Olivier Latry, som held opningskonserten når det nye orgelet i Sakshaug-kjerka vert innvigt søndag.
Korleis dei har fått denne 56 år gamle toppmusikaren til det, kan inderøyningane sikkert svara på sjølve. Men om han i tillegg til stillinga ved ei av dei mest vidgjetne kyrkjene i verda er professor ved Paris-konservatoriet, der han òg er utdanna, er han ikkje tung å be. Han held seg ikkje i ro i Paris: Med kvart har denne verdskjende organisten konsertert i 50 land. Han er rekna som den mest populære franske organisten i USA, og mellom dei norske gudshusa som har fått gjesting av han berre i år, er Bodø Domkyrkje (i april) og Stedje kyrkje i Sogndal (i juni). Slike reiser vert sette saman ut frå orgelkvaliteten, ikkje frå utsynet og prospektkorta. Og Trøndelag som turistmål i novembermørket kunne enda med ei åtvaring frå Reklametilsynet.
Dei siste 33 åra har Latry vore ein av dei tre faste organistane i Notre Dame. På fransk heiter det organiste titulaire. Sidan han fekk stillinga etter ein konkurranse i 1985, har det dessutan kome svært mange innspelingar, med sterk vektlegging av moderne verk. Utan at det vert det same bruset som det er i eit kyrkjeskip, let det seg gjera å høyra somme av dei på Youtube. Som frynsegode får den musikkinteresserte da studera finger- og fotarbeidet hans. Også vi ikkje-ekspertar kan sjå at han ikkje er plaga av revmatisme. Og i kyrkja går vi miste om det.
Han skal kunna meir. Eit orgel er såpass komplisert at organistar frå gammalt av har hatt bruk for å skjøna seg på mekanikk. Om det så var Johann Sebastian Bach, som budde og arbeidde i Leipzig dei siste 30 åra han levde, vart han, ikkje så lenge før han døydde, køyrd med hest og vogn til Dresden for å prøva det nye Silbermann-orgelet i Frauenkirche.
Mekanisk dugleik og fingrar som kunne brukast på meir enn tangentar, vart det bruk for i den tida da mus og rotter gjerne tok seg ein bit eller fem av belg og orgelpiper. Det er derfor mange komposisjonar frå den tida heiter Toccata og fuge. Ei toccata har som krav og kjenneteikn at organisten skal innom alle pipene eller tonane. Slik skaffa han seg oversyn over kva som var øydelagt av gnagarane sidan sist, og så galdt det å hugsa når han måtte ein oktav opp eller ned når fuga sto for tur.
Noko av det som gjer at jula aldri vert som ho var, er at orgelbruset når salmen «Fra fjord og fjære» tonar ut frå dei 1200 som alltid fylte kyrkjehuset 1. juledag, ikkje kling som det gjorde i 1950-åra. Sakshaug-kyrkja er for langt unna no. Men noko er likt seg: Det var nytt orgel den gongen òg, bygd av firmaet Torkildsen i Åsen. Organisten var internasjonal nok, om dette aldri så mykje var midt ute på bondebygda, og Paris-konservatoriet låg bortanfor alle blånar: Severin Aasen, som var ein driftig gardbrukar, hadde vore fleire år i Amerika og kviskra «soft» når han dirigerte koret.
Eg skulle gjerne ha fått laga det slik at eg kunne ha høyrt Olivier Latry og det nye instrumentet den første adventssøndagen i år. Vi får vona at vertskapet kan fortelja han at kyrkja ligg ikkje berre midt på bondelandet i provinsen i eit merkeleg land ved iskanten, men òg i den bygda som vart kåra til den fremste av norske kulturkommunar i 1996. Det imponerer kanskje ikkje så sterkt som ei gullmedalje eller eit diplom frå Paris. Men i Innherad har folk sin eigen verdiskala.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Også vi ikkje-ekspertar kan sjå at han ikkje er plaga av revmatisme.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.