Omvegane heim
Cruiseskipet «Viking Sky» i drift mot land på Hustadvika.
Foto: Frank Einar Vatne / NTB scanpix
Etter ni veker til sjøs, stort sett under trivelege tropiske temperaturar for å koma seg vekk frå snømåking, hålkeføre og mørke og korte dagar denne vinteren, var det tid for å venda heim og få tømt koffertane den nest siste marslaurdagen. Ikkje berre var det vårjamdøger, men til og med fullmåne over smeltande snø, og stemninga steig. Desse lyse, optimistiske planane måtte justerast fordi eitt av dei cruiseskipa som vi ikkje reiste med, fekk motorstans på Hustadvika. I staden vart det naudsignal, bergingsaksjonar, helikopter med djerve og dyktige flygarar og mykje annan dramatikk.
Dei cruisepassasjerane som fekk ein luftetur frå eit forblåst skipsdekk til eit slingrande helikopter tjue meter ovanfor og vidare til Brynhallen, vil sikkert rekna det som eit ekstra frynsegode når dei no er heime att. Men eg vil tru at dei treng til å få ei slik oppleving, som ikkje var nemnd i programmet, noko meir på avstand før dei kan nyta henne i fulle drag.
Eg brukte mykje av den laurdagen i lenestolen, til mimring framom fjernsynsapparatet. Det er 66 år sidan eg reiste med båt på dette havstykket mellom Kristiansund og Molde, og eg har ikkje lengta tilbake til den dagen i 1953. Sjøsterk vart eg aldri, av ein enkel kar frå flatbygdene i Inn-Trøndelag skal ein ikkje venta slikt. Storm var det ikkje, langt derifrå, ikkje skikkeleg sjøsprøyt eingong, og maten heldt seg i ro der nede i mageregionen, så om ein ser meir nøkternt på det, var det fælt lite å jamra over. Men framleis, to generasjonar seinare, sit uhygga i meg frå alle dei båane og skjera som glefsa ilskt etter hurtigruta og meg før vi omsider bøygde av mot babord ved Bud og kunne ta sikte på maksvêr og Molde. Da var det tid for å gle seg til Stad.
Som cruisepassasjer på Atlanterhavet, Stillehavet og Panama-kanalen denne ettervinteren hadde eg ikkje bruk for stort anna enn solkrem, badebukse og høveleg med lesestoff, og det vart ikkje meir mosjon enn det ein får med seg på vandreturane mellom lugaren, boksalongen og det som buffeen hadde å by på. Cruisetrafikk har eit sterkt preg av fredeleg restaurantliv med høg rullatorfaktor, og skipsdokteren får god vedlikehaldstrening av den kunnskapen han eller ho måtte ha skaffa seg om geriatri. Det store fleirtalet av medpassasjerane våre var frå Storbritannia, og akkurat i dag, fredag 29. mars, skulle dei ha stengt døra til EU bak seg. Så det vart mykje snakk om brexit. I staden fekk statsminister Theresa May eit slag – om ikkje fire eller seks – i andletet ute på sitt eige politiske Hustadvika, og så vert det ein annan sluttpakke på eit anna sluttidspunkt. Truleg må ho ut av statsministerbustaden før sommaren melder seg. Det er ikkje alltid ein skal søkja levebrødet i politikken om det er rettferd og ros for seg sjølv ein er ute etter.
Det tok tid før koffertane våre vart tomme; utpakking og nybakt verdshistorie går dårleg saman.
Om noko skulle vera føreseieleg, er det eit cruise med turistskip. Men det er alltid lurt å ha dei moglege innslaga utafor programmet i bakhovudet. Vi vart ikkje utsette for noko verre enn ein kabel som sette den eine propellakslingen ut av drift, timeplanen rauk, og fleire av hamnene måtte vi sløyfa.
Ting går ikkje alltid som dei skal, anten ein er statsminister, cruisebåtkaptein eller ein latsabb av ein båtturist. Og dermed vert det for oss som for vår poetiske yrkesbror Herbjørn Sørebø, som alt i førre hundreåret lærte oss at alle reiser kan verta ein lang omveg heim, helikopter eller ikkje.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ting går ikkje alltid som dei skal, anten ein er statsminister, cruisebåtkaptein eller ein latsabb av ein båtturist.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.