Putin som balansekunstnar
President Vladimir Putin og patriark Kirill då det første minnesmerket over offer for sovjettida, «Sørgemuren», vart avduka i Moskva.
Foto: Alexander Nemenov / Reuters / NTB scanpix
«Ein valtale», skreiv ein russisk kommentator da president Vladimir Putin avduka minnesmerket «Sørgemuren» i Moskva 30. oktober. Ingen tvilar på at han stiller opp til attval for ein ny seksårsperiode til våren, jamvel om han ikkje har sagt noko enno.
Da kan han sitja i Kreml til våren 2024, og i ein alder av 71 år og fem månader – like gamal som Donald Trump er no – kan han verta pensjonist etter å ha styrt mest like lenge som Stalin.
Stalin, eit namn det framleis er vanskeleg å nemna, er undertonen både i talen og for det spesielle minnesmerket. Sørgemuren, Stená Skorbi, er reist av 170 steinar, éin frå kvar av 170 fangeleirar og fengsel i GULag-systemet. Muren står ved eit trafikk-knutepunkt i Moskva, der den store ringvegen og Sakharov-prospektet kryssar kvarandre.
Datoen er fastsett som minnedagen for dei politiske offera for kommunismen, og i det silande haustregnet var Putin klår nok: «Dei politiske brotsverka i Sovjetunionen kan ikkje rettferdiggjerast.» Han tok sterkare i: «Den grufulle fortida er det uråd å rettferdiggjera med at såkalla meir høgverdige gode vart sikra for folket.»
Av dei som framleis hyller Stalin, er det få, om nokon, som meiner at dette ordvalet sømer seg ved hundreårsdagen for den kommunistiske revolusjonen. Det har aldri vore lett å handtera russisk historie, anten ein sit på sjefkontoret i Kreml eller er tidlegare politisk fange, eller er i slekt med nokre av dei mange som ikkje kom heim frå leirane.
Men, skreiv avisa Novaja Gazeta, «før valet i mars neste år er det ingen i Kreml som har lyst til å erta opp dei intellektuelle eller dei russiske stalinistane».
Det var to hovudtalarar til: Patriark Kirill, preses for den russisk-ortodokse kyrkja, og Vladimir Lukin. Den siste er tidlegare kommissær for menneskerettar, tidlegare ambassadør i Washington og tidlegare journalist, som i 1968 nekta, eller ikkje orka, å skriva om invasjonen i Praha, der han var korrespondent for regjeringsorganet Izvestija. Det siste gjorde at han som 30-åring rekna med at han hadde framtida bak seg.
Putin har gjort nok av det same tidlegare. I 2008–2009 var det masseproduksjon av glorute bøker som hadde eitt mål: Stalin skulle i 2010 rehabiliterast som genial krigsherre til 65-årsjubileet for sigeren over Hitler-Tyskland. Somme av desse bøkene målar æreskrans rundt hovudet ikkje berre på sjefdespoten, men òg på nokre av dei verste bødlane hans. Mildt sagt er det alt anna enn påliteleg litteratur.
Putin, som var «berre» statsminister i perioden 2008–2012, og president Dmitrij Medvedev sette foten ned og sa at Stalin sant nok spela ei viktig rolle som leiar under krigen. Men han var ein forbrytar. Og om nokon skal heidrast, er det dei sanne heltane, det sovjetiske folket. Og i mai 2010 var ikkje eitt portrett av Stalin å sjå som «gatepynt», så rehabiliteringa kom ikkje. Men det ligg alltid ein bukett blomar på grava hans bak Lenin-mausoleet.
I Russland er heller ikkje Lenin den store helten lenger, og det er tankevekkjande at han får ei varmare feiring på Litteraturhuset i Oslo enn i Moskva denne veka. I ein ny biografi om Mikhail Gorbatsjov er det ein anekdote som kanskje fortel kvifor. President Francois Mitterrand var på gjesting i Moskva kort tid etter at Gorbatsjov vart leiar i 1985. Gorbatsjov kom for seint til eitt av møta, og orsaka seg audmjukt og grundig, og litt heit om kinnet.
– Det var ei brå krise i eit landbruksspørsmål, sa han.
Mitterrand tok slikt med ro; i likskap med kong Ludvik 14. og general de Gaulle gjekk han ikkje med armbandsur, og han ville vita når den krisa hadde meldt seg.
– Tja. 1917, kanskje, svarte Gorbatsjov.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det har aldri vore lett å handtera russisk historie.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.