Shakespeare om Danmark
Avgåande direktør i Danske Bank, Thomas F. Borgen, får truleg med seg 17 millionar kroner på vegen.
Mads Claus Rasmussen / Ritzau Sc
Det er ein eigen sus når skodespelarar frå Oxford framfører Hamlet på Kronborg Slott i Helsingør kvar sommar og ynskjer oss alle «velkomne til Elsinore». Og danskane har sjølvironi beisk nok til at replikken dei kjenner best, og oftast tek oppatt, er «noko har rotna i Danmarks rike».
Shakespeare var ikkje betre enn andre journalistar – nå ja, han skreiv vel litt meir elegant. Men stal som ein ramn gjorde han, og det var Saxo Grammaticus som inspirerte han til dramaet om den tvilrådige kongssonen Hamlet og rotenskapen i eit land som Shakespeare aldri gjesta.
Det vert berre eit tankeeksperiment, men det er fruktbart å fundera litt på kva skalden frå Stratford kunne ha fått ut av dei seinaste danske bankskandalane. John Gabriel Borkman vert berre småguten der han stavrar rundt oppe på loftet hos Ibsen. Det er ikkje eingong slik at all skuld kan veltast over på privatkapitalismen: Den danske skatteetaten har sett minst tolv milliardar kroner over styr til beste for svindlarar i Dubai, men regjeringa hadde tillit til skattedirektøren heilt til summen brått steig frå ni til tolv milliardar. Da var det ut på dagen. (Han fekk straks ny jobb i eit konsulentfirma som sikra seg mannen fordi «han er så flink med menneske».)
Danske Bank, storbanken som vart berga frå undergangen av den danske staten under finanskrisa i 2008, har kvitvaska russiske og aserbajdsjanske milliardar. 1500, altså framleis milliardar, er det truleg snakk om, og gevinsten går til vener av president Putin, mellom andre. Desse operasjonane var kanaliserte gjennom Estlands nasjonalbank. Den instansen som slo alarm så tidleg som i 2007, var Russlands nasjonalbank (Bank Rossiji), som held til i ei staseleg søylebygning like ved Bolsjoj-teatret. Danske Bank, som har ei vakker søylebygning på Gammeltorv i København, reagerte ikkje på desse meldingane. På den tida var Fredrikstad-mannen Thomas Borgen sjef for Baltikum-avdelinga i Danske Bank. I 2013 vart han toppsjef. Denne månaden måtte han gå, men han ligg an til å få 17 millionar norske kroner i sluttvederlag.
Alarm om kvitvaskinga slo òg den russiske advokaten Sergej Magnitskij. Han vart arrestert og døydde i fengsel i Moskva i november 2009, 37 år gamal. Tre år etter at han var død og gravlagd, vart han stilt for retten og dømd for skattesvindel. Heller ikkje under Stalin vart folk dømde etter at dei var døde, så kven seier at framsteg tek slutt?
Det er meir Shakespeare-mat. I juni 2016 var det eit møte i Trump-skyskraparen i New York. Det er framleis under gransking. Da det vart kjent i 2017, sa president Trump at møtet galdt adopsjonsspørsmål og ikkje hadde noko med politikk å gjera. Vel. På møtet var det ein russisk advokat, Natalja Veselnitskaja, som tok opp spørsmålet om amerikanske sanksjonar mot russiske funksjonærar som hadde hatt med Magnitskij-saka å gjera. Det russiske mottrekket var stans i amerikansk adopsjon av russiske foreldrelause born.
Mot dette vert sakene som gjeld store lokale bankar som Roskilde Bank og Amager-banken småplukk. Men dei durar og går framleis. Sjefen for Roskilde Bank, Lars Valentin Hansen, fekk over hundre millionar danske kroner i bonus, til tonefylgje av heile avissider med skryt, da han tok avskil like før banken gjekk dundrande konkurs i 2009. Han og ti andre direktørar vart frikjende i ein dom i november i fjor. Den har danske styresmakter anka. Kanskje kan dansk høgsterett nå å få saka opp før hovudpersonane døyr.
Statsorganet som ankar, vart oppretta i oktober 2008 for å rydda opp etter finanskrisa i september det året. Det heiter Finansiel Stabilitet, og det er leitt at Dirch Passer ikkje lever.
Velkomen til Shakespeare. Han kunne ikkje ha gjort det betre.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Heller ikkje under Stalin vart folk dømde etter at dei var døde, så kven seier at framsteg tek slutt?
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.