Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Sjamanen på Fleskhus

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finnkaill’n budde ved jarnvegshaldeplassen på Fleskhus i Verdal.

3657
20190531
3657
20190531

For folk i Innherad var det aldri naudsynt å importera sjamanar heilt frå Los Angeles, vel vitande som vi er om at det er stort overskot på jugl i Hollywood. Ved jarnvegshaldeplassen på Fleskhus i Verdal budde finnkaill’n, ein same som lækte nyfødde born med litt ganding, ein dose joik og andre råder. I tillegg til mykje anna kurerte han dei små for engelsk sjuke og sugevegring – det hende at dei ikkje ville ta morsbrystet før dei anten var svoltne nok eller hadde vore ein tur hos finnkaill’n, eller begge delar – og så ordna alt seg.

Diagnosen for engelsk sjuke (rakitis) var enkel: Besteforeldra, helst mormor, visste at dei stakkars små var plaga av dette dersom dei la beina i kors, ei beinstilling som dei truleg hadde hatt dei siste dagane i det tronge morslivet. Slikt hadde finnkaill’n råd for. Distrikslækjaren, som hadde papir frå dokterskolen, kunne nok vera god å ha når ungen vart litt eldre og kanskje fekk meslingar eller kikhoste, men finnkaill’n var best å ha i bakhand; det kunne jo vera noko alvorleg. Beina retta seg ganske kvikt, og snart hadde ungen lært seg både å krabba og å gå.

Ordet sjaman var lite kjent og enda mindre brukt, men finnkaill’n gjekk rundt ein kaffikopp både med og mot sola, og dei reglene som han mumla under dette ritualet, laud mystiske nok til at det var lett å tru på dei. Det var aldri snakk om å klaga finnkaill’n til lensmannen for sjarlatanverksemd; lensmannen hadde vit nok i skallen til at ei slik melding alltid hamna langt nede i bunken og vart liggjande der. Og stort sett voks ungane opp, klatra i tre og hoppa på ski eller trilla dokkevogna som om dei aldri hadde drive med anna.

Det tilfeldige i livet skal ein aldri undervurdera, og i vaksen alder kom eg desse samiske sjamanane på litt nærare hald enn eg hadde venta. Mor og far søkte aldri til finnkaill’n, dei hadde gått på lærarskole og var dessutan omgangsvener med dr. Kjølmoen.

I det siste tiåret på 1900-talet hadde medisinsk fakultet ved Universitetet i Tromsø ei litt spesiell veke for studentane like før jul: Grete Roede hadde ei førelesing om slanking og vektauke. Eg vart innbeden for å snakka om stoffskifteplager etter at grundig og velmeint skolemedisinsk feilbehandling hadde kome svært nær til å gjera meg til enkemann, og ein sjaman frå Kautokeino fortalde om sin praksis. For min del gjekk honoraret til eit svært godt formål: Eg brukte alt på helsesam breiflabb på Peppermøllen i Tromsø – der hadde dei ein meny med 25 breiflabb-retter. Det var tider. Kva sjamanen gjorde, veit eg ikkje. Mykje godt kan seiast om breiflabben, men han har ikkje vore heldig med utsjånaden og vart i mange år rekna som ufisk.

Til studentane sa eg berre at dei skulle vera kritiske og koma med skarpe og gjerne respektlause spørsmål, og dei var ikkje tunge å be i så måte. Så alle var nøgde, bortsett frå rektor, som ein dag kalla professor N. inn på teppet og ville vita kva meininga var med å ha ein ulærd bladfyk frå Oslo som førelesar i medisin. Det fekk eg ikkje høyra før mange år etterpå.

Rettferda kjem i mange skapnader og variantar, og finnkaill’n på Fleskhus fekk siste ordet – med ettertrykk og kraft. Huset hans låg like ved ein farleg og trong jarnvegsundergang. – Ingen fare, sa han. Så lenge eg bur her, kjem det ikkje til å henda ulykker. Han vart ein gamal mann, og trafikken gjekk greitt, men til slutt døydde han, han òg. Han var ikkje før komen i jorda før to bilar barka saman i undergangen.

Og i Verdal vart folk styrkte i det dei visste frå før: Finnkaill’n var ein mann dei kunne lita på.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Rettferda kjem i mange skapnader og variantar, og finnkaill’n på Fleskhus fekk siste ordet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis