Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Skattehumoristane har ei høgborg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brooke Harrington risikerer ei bot på 11.500 danske kroner fordi ho har halde foredrag om skattespørsmål for skattekomiteen i det danske Folketinget.

Foto: Christian Moutarde

3910
20171124
3910
20171124

Rolv Wesenlund, Harald Heide-Steen jr., Gunnar Haugan, Hasse Alfredsson og Dirch Passer har alle gått bort, men dei danske skattehumoristane held det gåande på tredje hundreåret, om det ikkje er det fjerde.

I går, torsdag 23. november, møtte den amerikanske skatteeksperten og samfunnsøkonomen Brooke Harrington for politiet i København. Ho risikerer ei bot på 11.500 danske kroner fordi ho har halde foredrag om skattespørsmål for skattekomiteen i det danske Folketinget. Komiteen risikerer òg bot fordi dei inviterte henne til dette lovbrotet, men dei ligg an til berre 10.000.

Brooke Harrington, som er 49 år gamal, har i åtte år vore professor ved CBS – Copenhagen Business School. Ho vart invitert av leiinga ved denne læreanstalten til å arbeida der. Ho har skrive ei bok som er utgjeven av Harvard University Press om bruken av skattely. I tillegg til dei akademiske kvalifikasjonane har ho to års utdanning som kapitalforvaltar for å sjå denne bransjen frå innsida.

Dette er ekspertane som hjelper rike menneske med investeringar på trivelege stader som Cayman Island, Jersey, Guernsey, Dei britiske Jomfruøyane, og Panama.

Og grunnen til bota? Som utlending i Danmark har ho ikkje lov til å arbeida utanfor CBS. Da må ho ha dispensasjon. Det har ho søkt om denne månaden, for ho skal halda eit foredrag – gratis – for sosialdemokratane i Frederiksberg, ein liten kommune i København. Der ligg Storm P.-museet, og humoristen Robert Storm Pedersen skulle ha fått oppleva dette.

– Å fylla ut desse 19 sidene tek meg 15 dagar i samarbeid med ein representant for sosialdemokratane i Frederiksberg. Ingen av oss har tid til dette, sukkar ho.

Den barske danske innvandringsministeren, Inger Støjberg, seier at ei litt smidigare ordning kunne ha vore ein tanke. Partikameraten hennar, Dansk Folkepartis talsmann i utlendingsspørsmål, Martin Henriksen, meinte at ein har rett til å venta at akademikarar er i stand til å gjera seg kjende med lovene. Han sa ingen ting om lovgjevarane i skattekomiteen.

Regelverket er slik at professor Harrington kan forska og førelesa på CBS. Men om ho i fritida opnar munnen for å seia noko om det ho har forska seg fram til, bryt ho dansk lov. Da går taksameteret hos politiet. Det gjer det hos Undervisningsministeriet òg. Det har gitt henne 3,2 millionar kroner til forsking på skattesnyteri.

– Dette gjer oss til narr over heile verda, seier rektor ved CBS.

Den danske skattedirektøren, Jesper Rønnow Simonsen, fekk sparken på dagen i august i fjor etter at etaten hans, Skat, hadde sølt vekk 12,3 milliardar danske kroner (15 milliardar norske) på utbetaling til skattesvindlarar i Dubai. Han fekk 2,3 millionar i kompensasjon for at han måtte gå. I februar i år vart han seniorkonsulent i eit firma som gir skatteråd. «I samtalane våre med Jesper har vi lært han å kjenna som ein fantastisk kar, som kombinerer erfaring med nyfikne, og som er både ærgjerrig og audmjuk,» sa sjefen for firmaet.

Eg vedgår at eg interesserer meg for dette; kona mi og eg har hytte i Danmark. Vi betaler eigedomsskatt. I mange år fekk vi krav på tre kroner ekstra fordi vi «betalte for seint». Vi betaler éi veke før fristen, men årvisst kom kravet likevel. Etter at eg skreiv om det i ei dansk avis, fekk eg brev, både i fjor og i år, om at eg ingen ting skuldar. Men kona mi fekk no krav på tre kroner. Ho skriv ikkje i avisa.

Eg ringde til Skat, og fekk høyra at «nei, vi krev ikkje dei pengane».

– Men de har da sendt krav, med blankett og tidsfrist, og kvifor gjer de så det? spurde eg. Den trivelege dama visste ikkje det, men gjentok at vi ikkje skal betala.

Så no lever vi farleg og ventar på bota. Ti tusen danske kroner, altså 13.000 norske, høyrest rimeleg ut, slik tilstandane er i det danske kongeriket.

Ut over det, sett bort frå 12 milliardar, er humoren gratis.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Kona mi fekk no krav på tre kroner.
Ho skriv ikkje i avisa.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis