Trøndersk på pallplass – omsider
AUF-arane marsjerte ut av salen da Trond Giske heldt avskjedstalen sin under fylkesårsmøtet til Trøndelag Arbeiderparti sist laurdag.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Eit av dei lokalpatriotiske slagorda som lever etter Jon Leirfall, lyder slik: «Vess du riv ut tu Norgeshistoria ailt som står der om Trøndelag, bli de’ bære pærman ijæn.»
Det andre halvåret i 2020 peikar i ei litt anna og noko meir mollstemd retning. Ikkje berre har Petter Northug jr. vore på biltur enda ein gong; i tillegg har Trøndelag Arbeiderparti hatt årsmøte og valt ny leiar. Det siste utvikla seg til ei drabeleg sportshelg i sofaen, ein kunne mest tru det alt var midt på vinteren.
Litt sunt folkevett finst det no framleis, trass i alt: Ein av brørne til Northug hadde denne kommentaren: «Du må komm heim no, Petter.» Den store verda kan vera risikabel for oss inderøyningar.
Petter er inderøyning etter kommunesamanslåinga med Mosvik, som sant nok ligg på vestsida av Trondheimsfjorden, men han var seks år da brua over Skarnsundet sto ferdig, og dermed er det rimeleg nok at Petter Northug jr. skistadion på Inderøy framleis har namn etter langrennsstjerna. Den førre bilturen hans som hamna på førstesidene med dunder og brak, gjorde at det vart litt laust snakk om namneendring. Etter omtanke fann inderøyningane ut at slikt ville ha vore usømeleg og altfor russisk, og dei heldt seg i sporet. Gjort er gjort, men tilgjeving skal det vera plass for i samfunn der det er mogleg å koma seg på føtene att etter eit fall. Eller som det heiter hos vismannen Bendek hos Olav Duun (som var lærar på Inderøy ei kort tid, enda han var namdaling): «E’ de’ oppreisning ti dæ, gut?»
For dei som meiner at politikk er viktigare enn skiidrett, kan vi snart få sjå kor mykje oppreisning det er i politikarane i Trøndelag. No låg det an til at Trond Giske skulle verta ny leiar i Trøndelag Arbeiderparti etter at dei to fylka i nord og sør vart samanslegne. Men det haraballet som desse arbeidarpartifolka i fleire månader hadde stelt til i Trondheim i denne perioden, burde i god tid ha opna augo på det allvitande kommentariatet i hovudstaden. Dette er tungnemme folk. Dei måtte ha det inn med teskei på fjernsynet, alt saman, før dei skjøna alvoret, inkludert ein demonstrativ, men stilfull AUF-utmarsj frå møtesalen i Rådhuset i Steinkjer da Giske til slutt kom seg opp på talarstolen for å sitera Tor Ulven – av alle. Og da vart det ein skapnordtrønder som berga sigeren i land: ikkje den nykåra fylkesleiaren Ingvild Kjerkol, som er stjørdaling. Men sør for Dovre er det altfor få som har fått med seg at arbeidarpartileiaren i kongeriket har namnet sitt frå garden Støre, to mil, om det ikkje er tre, nord for den gamle fylkesgrensa. Garden tronar på ei høgd med utsyn over Trondheimsfjorden der Edvard Støre vart den første ordføraren i Levanger etter at formannskapslovene vart vedtekne for snart 200 år sidan. Garden gjekk ut or Støre-ætta for fleire generasjonar sidan, men slekt er seige saker på desse kantane av landet, og det var lite hjelp i alle turane som sørtrønderen Trond Giske kosta på seg nordover heilt til Innherad i kampen for å koma seg opp på pallen enda ein gong.
Om Giske held lovnaden sin om sluttstrek, vert det ingen «omkamp på Nes», trass i Alf Prøysens ord. Det er meir enn 20 år sidan han jamt og trutt, og ikkje spesielt diskré, snakka om at han skulle vera statsminister før han vart 50 år. Både Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg rakk det.
Non omnibus contingit, sa dei gamle romarane: Det er ikkje alle unnte.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den store verda kan vera risikabel for oss inderøyningar.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.