Klåfingra politikarar
Naser Kader i lukkelegare tider før landing i Benghazi i 2011, då den danske politikardelegasjonen måtte ha på hjelm og skotsikker vest før landing. Frå venstre Lene Espersen, Helle Thorning-Smith og Margrete Vestager.
Foto: Søren Bidstrup/Scanpix/NTB
Det kan verta vanskeleg når dyktige politikarar spring etter damer i staden for å arbeida med dei spørsmåla som står på sakslista i Folketinget, spesielt når dei ikkje tek bryet med å leita seg fram til damer som synest at dette er ein idé som har noko for seg.
I dansk politikk har dette gripe slik om seg at fleire som hadde skaffa seg eit godt renommé og sikra seg eit vidgjete namn på landsbasis, har måtta seia farvel til Folketinget og setja sluttstrek under den karrieren dei ofra så mykje for å satsa på. Den danske grunnlova og vallova er annleis enn ordninga i Noreg; hos oss sit du på Stortinget heile valperioden ut, same kor klåfingra eller kvinneglad du har vore, med mindre du vert straffedømd.
Tunge namn som Naser Khader frå Det konservative partiet og Kristian Heegaard frå Det radikale folkepartiet seier farvel til plassen sin på tinget denne månaden, og utanriksminister Jeppe Kofod, som har vore i hardt vêr tidlegare på grunn av ei damehistorie for nokre år sidan, har no fått kritikk og hange i ein tynn tråd etter måten han har handtert Afghanistan-spørsmålet på.
Naser Khader er eit spesielt interessant tilfelle. Han kom til København som 11-åring i 1974, palestinsk flyktning frå Syria, heilt utan danskkunnskapar. Han vart raskt integrert og svært populær; talegåvene hans var imponerande, og han var uredd og pågåande.
Han skifte vel parti litt for mange gonger, og serleg djerv og pågåande var han i kritikken av fanatiske muslimar som hadde innvandra til Danmark. Han var fripostig, dei første åra budde han i Istedgade i sentrum av København, i 1970-åra kjend som tilhaldsstad for kvinner med låg status og med eit svært frodig og fargerikt språk som dei, eller han, ikkje hadde plukka opp i skolestova.
Kritikarane hans beit seg spesielt merke i ei tatovering på armen hans, der han gjekk til forsvar for ytringsfridomen som eit sentralt kjenneteikn på og ein solid garanti for demokratiet. Dette var ein politisk importvare som danskane flest sette stor pris på, og han var eit allsidig talent. Han vart ikkje mindre populær da politiet fann ut at det var best at han fekk livvakt, for det var arabiske talsmenn som meinte han tok for hardt i.
Etter ei tid tok rykta til å gå om at han var nærgåande mot damer som smått om senn vart merkbart mindre interesserte i å ha samtalar med han, og til slutt måtte partileiaren ta ein vanskeleg samtale med Khader, der konklusjonen var at det ikkje lenger var plass for han i partiet. Dette fann han sterkt krenkjande og rakk så vidt å melda seg ut av partiet og seia farvel til plassen i Folketinget før han vart ekskludert.
Kristian Heegaard, som òg er rekna som ein lovande politikar, gjekk same vegen. På dansk politikarspråk heiter det at dei har gjort seg skuldige i «grensesprengjande åtferd», og køen av kvinnelege politikarar som har eit og anna å klaga over, er lang. Heegaard, som sit i rullestol, har vedgått «turar på byen» som «eg diverre hugsar lite av».
Fråhaldssaka har ikkje stått sterkt i dansk politisk historie, men på «den norske sida» går det ei grense av offentleg fyll, og så dett klaffen. Det same gjeld for økonomisk svindel – sjå historia om Morten Messerschmidt og Dansk Folkeparti 20. august.
Eit berømt norsk politisk sitat frå 1800-talet går ut på at kjønnsdrifta er nokolunde likeleg fordelt mellom partia. Men slik har det ikkje vore i Danmark dei siste vekene, og kanskje er moralen i så måte ei aning betre i broderriket.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På dansk politikarspråk heiter det at dei har gjort seg skuldige i «grense-
sprengjande åtferd».
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.