Norsk atommakt
Frå opninga av Atominstituttet på Kjeller 28. november 1951. Frå venstre direktør Gunnar Randers, charge d´affaires Fisher Howe og førstesekretær Scott George ved USA-ambassaden, og doktor C. Høegh ved Noregs teknisk-naturvitskaplege forskingsråd.
Foto: NTB
For oss boknerdar er det til å leva med dersom bøker er for lange, berre dei er interessante, og Lars Borgersruds verk om det norske atomforskingsprogrammet etter krigen fyller begge dei to krava. 928 sider er mykje for dei fleste av oss, men boka fortel ei historie som er lite kjend, og så får lesaren springa over det som er mindre interessant.
Tanken på at Noreg skulle skaffa seg kjernefysiske våpen, og at det fanst norske ekspertar som arbeidde for det, vil verka nokså framand i dag, men det var norske politikarar som såg dette som ein farbar veg i nokre av etterkrigsåra, og historikaren Lars Borgersrud har, får ein seia, levert varene.
Gunnar Randers vert eit sentralt namn i denne grundige framstillinga, som tek oss attende til starten på både det amerikanske, det sovjetiske og det norske atomprogrammet. Mykje av dette materialet er tilgjengeleg i svært interessante arkiv no. Mykje ligg enno i låste og truleg atomsikra arkiv og ventar, får vi tru, på arkivarar. For dei som har appetitt på bandsterke verk, er det før den tid meir enn nok å ta fatt på, ikkje minst etter at store mengder materiale er frigjevne både i Russland, USA, Tyskland og Storbritannia.
Mellom dei som såg seg tente med at den norske forsvarsmakta skulle halda seg med ein kjernefysisk forsvarsstyrke, var motstandshelten Jens Chr. Hauge og Gunnar Randers. Den siste var drivkrafta bak prosjektet på Kjeller, atomreaktoren der. Den som Borgersrud er gjallande taus om, er den svært så aktivistiske stortingsmannen Oddmund Hoel frå Venstre, som ikkje var langt frå å meina at norske infanterikompani burde setjast opp med atomvåpen. Det vart aldri programfesta i Venstre. Lite tyder på at Hoel hadde tenkt spesielt grundig på kvar dei skulle koma frå; det var ikkje slik at amerikanske styresmakter gjekk aktivt inn for at instansar utanfor USA skulle gi frå seg disposisjonsrett over kjernefysiske stridskrefter.
Den norske tankegangen, slik han vert referert i somme av dei vurderingane Borgersrud viser til, var at dei norske atomvåpena kunne demma opp for sovjetiske trugsmål dersom etterkrigstida skulle verta vanskeleg og prega av kriser og spenning mellom supermaktene. Kor realistisk dette ville ha vorte, er ei anna sak, for ikkje å nemna korleis det kunne ha kome til å påverka dei politiske tilhøva i Norden.
Mellom nøkkelpersonane vi møter, er Leslie Groves, ein offiser som var utan forstand på kjernefysiske våpen, men som fekk sjefjobben for Manhattan-prosjektet fordi han hadde eit solid ry som militær administrator, Julius R. Oppenheimer, litteraturforskaren som snudde ryggen til gammalindisk poesi og vart kjend som far til den amerikanske atombomba, den sovjetiske eksperten Igor Kurtsjatov (med tilnamnet Boroda – Skjegget) og avhopparen Pash, som er ein av dei meir ukjende russarane, men ein mann som forstod at det kunne vera lurt å halda eit auge på dei tyske forskarane. Eit så alvorleg trugsmål som nordmennene og mange andre trudde, var dei ikkje, men det var ikkje godt å vita kor langt dei hadde nådd – eller kunne nå.
Motstanden mot kjernefysiske våpen i våre dagar gjer det vanskeleg å vurdera den norske atompolitikken som særleg realistisk med våre auge i dag. Men Borgersrud har fortalt ei historie som vil sjå merkeleg ut for politisk interesserte nordmenn i dag, og som gravearbeid er det eit verk i særklasse.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Motstanden mot kjernefysiske våpen i våre dagar gjer det vanskeleg å vurdera den norske atompolitikken som særleg realistisk med våre auge i dag.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.