Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Utsyn frå InderøyMemoarar

Polsk subtil humor

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det polske rundebordet som ingen kunne spytta over, står framleis dekt i presidentpalasset, som det gjorde i april 1989.

Foto: Adrian Grycuk

3077
20220401
3077
20220401

President Joe Biden heldt ein nokså barsk tale om Vladimir Putin og krigspolitikken hans for vel ei veke sidan. Ikkje at resultatet vart noko anna enn at Putin vart irritert, men det er det russiske presidentar vert når det kjem kritikk.

Slik kritikk er i seg sjølv grunn­laus og dermed urettvis og kan avvisast som det. Og så kan politikken halda fram – uendra. Det er enklast på den måten.

Biden snakka i Polen, i det landet som får ei av dei tyngste byrdene frå flyktningstraumen som er i vente ved fleire av dei europeiske grensene etter krigsutbrotet 24. februar, ein krig som Europa skal få slita med nokså lenge.

Ekspertane tok feil, slik dei ofte gjer, jamvel i ei tid der optimistane mellom oss trudde at vi skulle vera ferdige med slikt etter 1945. Putin ville det annleis, og i sin djupe visdom er det han som er komen til at han har rett.

Det er all grunn til å tru at makta skal halde fram med å råda i Kreml, ut frå grunnprinsippet at «makt er rett». Da råder det som Henry Kissinger i ei av bøkene sine kallar det innebygde russiske løgnprinsippet – the inherent Russian mendacity. Det er uvisst kor langt attende det strekkjer seg, men vi snakkar om fleire hundreår.

Illustrasjonen denne gongen ligg i påstandane om at Russland ikkje fører krig mot grannestaten Ukraina, men berre har sett i verk ein militær aksjon med uviss utgang. Og per definisjon er denne aksjonen vel grunngitt og rettvis.

I det sentrale Europa er det vel knapt nokon som har vore meir uheldige med grannane sine enn den polske nasjonen. Da Stalin og Hitler delte Polen mellom seg i 1939, var det stats- og utanriksminister Vjatsjeslav Molotov som fann dei «rette» orda: «dette mistaket på Europakartet». Det gjer vondt å koma i vegen for slike mistak, og ingen har tal på kor mange polakkar som har måtta bøta med livet av den grunnen.

Det er eit Petter Northug-prinsipp opphøgd til storpolitikk: «Vi har rett fordi vi er størst.» Det er i tillegg «vi» som har det lengste bordet, så lenge det ikkje skal ha plass til kviterussarane, da kappar vi berre av eit par ekstra bitar for småfolk.

Truleg er det ein god leveregel at det ikkje vert tenkt større tankar fordi bordet vert lengre. Polakkane har lært det, da dei laga eit stort rundt bord til fredsforhandlingane som sette slutt­strek for det kommunistiske systemet i Polen. Det var 9,15 meter i diameter, og polakkane ville ikkje ha vore polakkar om dei ikkje hadde valt 9,15 meter med djup omtanke og subtil humor. Grunnen til det omhyggjelege kontrollmålet var at den polske rekorden i kappspytting skal vera ni meter blank. Det løyste ikkje alle problem, det heller, men dei kom seg eit godt stykke på vegen til demokrati.

Etter bordmåla å døma har russarane framleis langt att dit, og så må vi andre hjelpa til med å rydda fleire ruinar, skaffa rom til fleire flyktningar og halda fram med fleire barske talar og konferansar før vi ser enden på den visa – eller bordplanlegginga.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er all grunn til å tru at makta skal halda fram med å råda i Kreml, ut frå grunnprinsippet at «makt er rett».

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis