JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Vanskeleg med damer

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eilif Peterssen, 1892:

Eilif Peterssen, 1892:

«En aften i Det norske selskab»

Eilif Peterssen, 1892:

Eilif Peterssen, 1892:

«En aften i Det norske selskab»

3735
20200117
3735
20200117

For snart 14 år sidan inviterte eg ei dame på lunsj i Norske Selskab i Oslo, ein herreklubb som Johan Herman Wessel var med på å stifta på 1700-talet, og som er fornem, men ikkje meir fornem enn at eg er medlem der. Tidleg i dette tusenåret kunne ei dame koma inn som gjest dersom det var damedag, eit fenomenalt ord som skapar varme og gode assosiasjonar. Men medlemer i Selskabet, eller «norsken», som det heiter mellom dei innvigde, kunne damer ikkje verta. Det fekk vera grenser.

Grensene held seg. Før jul var det nokre kvinnevenlege medlemer som slo frampå om at det kunne vera på tide å gje kvinner medlemskap. Eller meir presist sagt: Det kunne vera på tide å ta saka opp til vurdering. Det framlegget fall – utan realitetsdrøfting, til og med. Saka skulle ikkje eingong vurderast, meinte eit klårt fleirtal av dei som tok stilling til det historiske spørsmålet.

Mange av dei som går så langt som til å meina at kvinner, eller damer, er ei form for menneske, dei med, over hundre år etter at kvinner fekk røysterett i kongeriket, sat musestille. Dermed går det kanskje enda nokre år.

Den invitasjonen som eg hadde manna meg opp til for 14 år sidan, vart ingen stor suksess, om det var damedag aldri så mykje. Mellom dei inviterte den dagen var stortingsrepresentant og partileiar Erna Solberg. Gjesten min fekk auga på henne og spurde, fornuftig nok: «Men meiner du at Erna Solberg, som kan verta den neste statsministeren i landet, ikkje kunne ha kome inn her i dag om ikkje ein mann hadde invitert henne?» Eg stadfeste at reglane i Norske Selskab er slik, og mumla noko om at mange syklubbar, for ikkje å nemna damekor, grovt diskriminerer menn. Eg kom ikkje langt med det argumentet. Gjesten min er mellom dei mange kvinner som gjev klåre tilbakemeldingar, og ho sa: «Per Egil, du veit da godt at dette ikkje held i 2006.» Eg skifte emne.

I 2020 er vi komne så langt at stortingspresidenten, statsministeren, utanriksministeren, finansministeren og høgsterettsjustitiarius er kvinne, og det skal ikkje stor spådomskunst og/eller mykje vågemot til for å satsa på den påstanden at kvinner vert medlemer i «norsken» før mannsfleirtalet får sukk for seg. Eg kan ikkje tidfesta dette skiftet, eg er berre trygg på at det kjem.

Argumentet for at ting bør vera som dei er, utkrystalliserer seg i det synet at herreklubben var, er og vera skal ein «friplass» – dei kallar det så – der menn kan vera menn, og dess­utan vera i fred. Eit meir stillferdig kulturelt argument går ut på at det vert dynka færre og mindre frodige grisehistorier over konjakken dersom spirituelle og selskapelege menn ikkje kan vera i fred for kvinner. Eg tviler på det; med lyset i livet mitt har eg den faste ordninga at eg får høyra den mest tekkelege historia når ho omsider kjem heim frå ein munter jentekveld. Dei mindre sømelege kulturprestasjonane som har sin naturlege plass noko lenger nede på skalaen, vert for sterke for ein enkel gut frå landet.

Det fører heller ikkje fram å hevda at menn bør ha monopol fordi dei er meir interesserte i golf, bridge, biljard og leirdueskyting enn kvinner. Statistisk er dei kanskje det, og det duger ikkje som prov eller argument at eg for eigen del berre kan seia at dette er eit firkløver med sysler som interesserer meg lite. Men eg ser ingen grunn til at kvinner skal vera avskorne frå slike hobbyar dersom dei gjerne vil vera med.

Som sagt: Dette kvinneforbodet, eller kva ein skal kalla det, kjem til å verta avskaffa. Eg er heilt viss på det. Men når? Det veit eg lite om, og det kan altså verta seinare enn eg trur.

Denne gongen òg.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Argumentet for at ting bør vera som dei er, utkrystalliserer seg i det synet at herreklubben var, er og vera skal ein «friplass».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis