Vinterby utan snø
Roald Aas tok bronse på 1500 meter, men på grunn av sterkt snøvêr har ikkje NTB scanpix bilete av han i dette løpet. På biletet står han klar til å gå ein annan distanse i OL i Oslo i 1952.
Foto: NTB scanpix
Det er over 30 år sidan eg sette skiene mine i kjellaren og lét dei stå, med kandaharbindingar og alt. Det er ei tid for det meste – alt har si tid, kan det også heita. Og for meg, som bufast i Oslo, er det altfor langdrygt å bruka helga på biltur til Hemsedal eller Hafjell tur-retur. Snø er noko som skal vera her, akkurat her, og årvisst var eg bortskjemd og van med å starta alle helgeskiturar ti meter frå trappa på Korsvoll. Før den tid var det alltid skirenn på fødselsdagen min i mars, med kakao og blautkake som stilsikker avslutning. Det har endra seg, og så har skiene heller fått støva ned. Det er ikkje som det helst skulle ha vore, men i det minste kan risikoen for beinbrot pressast ned mot det absolutte minimum, og dermed slepp helsevesenet – og eg – billeg.
Svært mange av dei som opplevde vinter-OL i Oslo i 1952, er av naturlege grunnar ikkje med oss lenger. Men dei som enno er oppegåande i det som skulle ha vore ein vinter, ristar på hovudet over dei snøfrie gatene i hovudstaden. Dei hugsar, om dei tek seg på tak, at det ikkje var så mykje som eit snøfnugg i Oslo i første halvdelen av februar i 1952. Da var stemninga ikkje god mellom OL-arrangørane, og det var berre nokre dagar til vinterleikane skulle opnast, med han Mads og han Lasse som fanfare og OL-plakat av Knut Yran. Det vart laga drastiske naudplanar om å flytta langrennstevlingane langt opp på snaufjellet i retning av Hardangervidda. Det var ei naudløysing som ingen likte, for langrenn som er fritt for publikum, har lite for seg, om utlendingar skjønar aldri så lite av poenget.
Det fekk vi for alvor sjå i det neste hundreåret to mannsaldrar seinare, i Torino i 2006 – der nordmennene dessutan til overmål presterte å rota det til med smurningen, slik at vi hamna langt, langt nede på resultatlistene. Men i 1952 kom snøen til slutt, eit par–tre dagar før tevlingane kunne starta. Det kom så mykje, med så store snøfiller, at det vart naudsynt med lange brøytepausar på Bislett. Det gjekk utover den lokale storfavoritten Roald Aas, som måtte dela gullmedaljen på 1500 meter med Hjalmar Andersen. Det var mykje godt å seia om den muntre trønderen, men nokon mellomdistanseekspert var han ikkje, ikkje til dagleg.
I 1952 var det enno ikkje snakk om klimaendringar. Vinter var vinter og kunne målast i meter. Spesielt høgt steig stemninga og optimismen etter at det kom ein meter snø og vel så det i siste halvdelen av februar. Så vart det eit par snølause vintrar rundt 1990. Da vart folk litt meir urolege, men snø vart det ei råd med. Dessutan var det langt fleire som hadde råd til bil no. Dermed var både Hafjell og Sjusjøen innanfor rekkevidde.
Til neste år, kva då? Kanskje får vi atter ein gong vetren å sjå i det som vi reknar som ein normal snøvinter. Så kan henda står vi han av, ikkje berre nordpå, men òg på flatbygdene på Austlandet. For meg kan sjølv dette verta i minste og seinaste laget. Frå midten av februar brukte eg å ta ein skitur i Nordmarka før frukost; det er – eller var – ikkje så mange hovudstader i Europa der slikt kunne pakkast inn i dagsprogrammet før soloppgang.
Med skiene trygt forvara i kjellaren kan det vera eitt og det same no, for meg. Men så er det barneborna. Som Hasse Alfredsson song så gripande og råkande: «Får dom nogonting alls?» Og er det vår skuld om dei ikkje får det, og må ty til innandørs, beinharde og helsefarlege tregolv i idrottshallar og til gråsvarte fotturar på grus?
Hasse A. song vidare: «Framtiden verkar dyster.» Men framleis kan vi kanskje forlita oss på snøen i mars. Ein veit aldri.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Til neste år, kva då? Kanskje får vi atter ein gong vetren å sjå i det som vi reknar som ein normal snøvinter.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.