Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Vonde varsel

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Russiske soldatar som marsjerte over Den raude plassen måndag 9. mai i år.

Foto: Evgenia Novozhenina / Retuers / NTB

3335
20220513
3335
20220513

Til dei ringe grader var alt – og her er det dekning for å bruka ordet alt i si fulle meining – etter oppskrifta da 9. mai-paraden var avvikla på Den raude plassen måndag. For ein veteran var det berre å kryssa av på listene for kvar avdeling som taktfast toga forbi Historisk museum, langs varemagasinet GUM og ned det slake bakkehellet mot Moskva-elva før dei bøygde av mot Moskva-kurvane – som ikkje tyder svingar, men er eit frodig vulgærord for det eldste kvinneyrket i verdslitteraturen.

Heller ikkje det vart reformert, enn seia avskaffa, med den revolusjonen som heller ikkje vart reformert. Men i takt gjekk dei, Putins elitestyrkar, det skal dei ha, og for Vladimir Putin må det ha vore eit trøystande syn frå tribunen der han hadde fått den æresplassen slike leiarar skal tildelast.

Det har hendt tidlegare at tilstellingar av dette slaget byr på vonde varsel. I 1913 nådde Romanov-dynastiet å høgtida 300-årsdagen sin med å reisa den nye praktpalasset som vart scena for Jalta-konferansen mindre enn ti år seinare, og dynastiet gjekk i si grav.

Da var den nye leiaren, Vladimir Lenin, så sjuk at han ikkje kunne tala eller skriva samanhengande, og to av lækjarane som skreiv under på dødsattesten, var så djerve at dei ikkje sette namnet sitt under den eigenlege dødsårsaka, som var lues, det latinske ordet for syfilis.

Lenin vart smitta av den belgiske aktivisten Inessa Armand. Dette har i mange år vore kjent gjennom korrespondansen dei to imellom, prosaisk og avslørande nok ved at dei to brukar den russiske intime forma «du» seg imellom, som på den tida berre kunne brukast mellom ektefolk eller kjærastar.

Men paraden vart som han skulle, og må vel til og med ha gjort den blodferske aktivisten Pål Steigan glad på den store dagen. Han spreidde glede med eit intervju i Aftenposten 7. mai, der han kunne fortelja at han hadde «vore naiv» i samtalane han hadde hatt med den grufulle massemordaren Pol Pot i Kambodsja.

Yrkesbror min, Ulf Andenes i Aftenposten, skal krediterast for ei formulering som han har brukt om Steigan og våpendragarane hans: «desse folka som i år etter år har vandra rundt med ein spikar gjennom hovudet». Og no er det «dei ukrainske fascistane» som skal ha skulda for det meste, no med utanriksminister Anniken Huitfeldt som våpendragar, etter at ho i god tid før 17. mai har fått heist det norske flagget att på ambassaden vår i Kyiv.

Steigans innsats som leksikonredaktør har fått sitt eige barmhjertig korte kapittel i norsk kulturhistorie, og eg vedgår at eg vart freista over emne da Cappelen utnemnde han.

– Dette kjem ikkje til å gå bra, sa eg, og det kom kvikt ein ilter telefon frå Steigan: Kvifor meinte eg at han ikkje skulle ha rett til å ytra seg?

– Det har eg ikkje sagt noko om, sa eg og la til at retten til å ytra seg gjeld for Pål Steigan som for alle andre her i landet, ikkje minst når dagane vert lengre, lauvet sprett og det stundar mot 17. mai.

Men han driv på, det skal han ha, og som Per Christian Andersen sa i ein OL-reportasje i Aftenposten i mellomkrigsåra: «Det norske flagget er det som vaiar mest.»

Vi andre kan ta det litt rolegare, flagget vert det bruk for, gruv ikkje for det, som Hamsun seier, ender og då til fornuftige ting, tess meir.

God 17. mai til alle!

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Men i takt gjekk dei, Putins elitestyrkar, det skal dei ha.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis