🎧 Sjeldan blome
Oslo-Filharmoniens kammergruppe har sofistikert ensembleklang.
Litografi av den tyske komponisten Robert Schumann (1810–1856), 29 år gamal.
Lytt til artikkelen:
CD
Schumann/Bruch/Mozart:
Clarinet Trios
Oslo Philharmonic Chamber Group. LAWO 2019
Kombinasjonen av klarinett, bratsj og klaver høyrer avgjort ikkje til den vanlegaste trioforma. Slik sett er albumet Clarinet Trios til Oslo-Filharmoniens kammergruppe eit kjærkome bidrag til platefloraen. Her tolkar klarinettisten Leif Arne Pedersen, bratsjisten Henninge Landaas og pianisten Gonzalo Moreno tre representative verk av tre kjende komponistar. Og sjølv om stykka ikkje nett er ukjende, høyrer dei ikkje til dei oftast spelte (eller innspelte) verka til komponistane.
Enkel eleganse
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791) var ein uttalt ven av klarinetten, som på hans tid var ein ny blome i kunstmusikken. Det er vel difor hans Trio i Ess-dur, KV 498 (1786), blei publisert med påskrift om at klarinettstemma òg kan spelast på fiolin – det fanst nemleg framleis ikkje nokon økonomisk vekstgrunn for klarinettmusikk.
Trioen opnar med den enkle elegansen som kjenneteiknar Mozarts mogne verk: ein ornamentert treklang som i skiftande former gjennomsyrer heile det tematiske materialet i fyrstesatsen «Andante». Klarinettisten Pedersen spelar stemma si med mjuk artikulasjon, fin frasering og dei vakre dynamiske nyansane klarinetten legg så godt til rette for.
På tre dagar
Det var vel denne typiske klarinettklangen Robert Schumann hadde for øyro då han skreiv Märchenerzählungen («Eventyrforteljingar»), op. 132. Kona hans, den habile pianisten Clara, skreiv i alle fall i dagboka at «han tykkjer denne samansetjinga vil vera svært romantisk». Sjølv om stykka ikkje byggjer på konkrete eventyr eller eventyrkarakterar, er stykka svært så karakteristiske – høyr berre på andresatsen «Lebhaft und sehr markiert» («Livleg og svært markert»), der klarinetten stampar som ein sta dverg frå brørne Grimms eventyr. Utruleg nok komponerte Schumann heile verket på berre tre dagar hausten 1853. Ei abrupt veksling mellom produktivitet og destruktivitet prega livet hans – nokre månadar etter freista han å drukna seg i Rhinen.
Tyskaren Max Bruch (1838–1920) var ein konservativ herre av den professorale sorten. Han heldt fast på det klassisk-romantiske tonespråket til Schumann og Johannes Brahms livet ut, utan å ensa den skilsetjande modernismen i samtida. Acht Stücke, op. 83, som blei til medan Fartein Valen studerte hjå han i Berlin kring 1910, er verkeleg «åtte stykke»: Verket verkar litt samanraska, for det er vanskeleg å peika på nokon indre samanheng mellom dei noko sukkersøte satsane. Dette gjer det til det kompositorisk svakaste på plata. Men framføringa til Oslo-Filharmoniens kammergruppe er det ikkje noko å seia på, med tett samspel og sofistikert homogen ensembleklang.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.
Foto: Arthaus
Årets dårlegaste?
Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.