Aksjonistdisco
Eks-Nirvana-trommis gjer skam på konservativt trongsyn med discoklede, discomusikk og discoglede.
Pressefoto: Magdalena Wosinska
Rock
Foo
Fighters/ Dee Gees
Hail Satin
RCA
Dave Grohl er frontfigur i Foo Fighters, som vanlegvis spelar tung poprock. Under monogrammet Dee Gees spelar dei discolåtar av Bee Gees, og Hail Satin inneheld halvt om halvt kompetente Gee-coverversjonar og live-i-studio-Foo-materiale.
Dersom ein løftar på lakenet, viser det seg at ordspelet i tittelen ikkje berre er ein overflatisk rockehyllest til silkemjuk, neonlyst danseglede. Her blir det drive harselas med fenomenet «satanic panic»: kristne fundamentalistar sin stadig gjentakande tendens til å forveksle kulturell nyvinning og inkludering med vegen til helvete. Denne undertrykkande tradisjonen inkluderer mykje fælt, til dømes inkvisisjonens antivitskap, folkemordet i Amerika, dei paranoide og misogynistiske heksejaktene på begge sider av Atlanterhavet, trua på at rockeband som Led Zeppelin var instrument for Gamle-Eirik sjølv, og fordømminga av dans. I vår tid, med reversering av abortrettar og storstila hat mot LHBTQIA+-rørsla, er stoda skremmande lik – her heime kosar enkelte seg stadig med å brenne heksefigurar på sankthansbålet.
Discorørsla på 60- og 70-talet var knytt til homofil frigjeringskamp, og Foo Fighters er kjende for å aksjonere for dei skeive og homofiles rettar. Då Westbo Baptist Church protesterte mot konserten deira med hatefulle faner som «God hates Pride» og «God is your enemy» førre veke, rulla bandet forbi iført glitrande drakter på eit lasteplan. Dei forkynna universell kjærleik og song: «You should be dancing». Ikkje ein gong dei protesterande klarte å stå i ro; det var eit vent skode og eit godt råd, det vere seg til Dee Gees- eller Bee Gees-versjonen.
Rasmus Hungnes
er kunstnar, musikar, DJ og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen