Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Anonyme perler

La Folia Barockorchester gjev liv til løynde musikkskattar frå Dresdens augusteiske gullalder.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3399
20180216
3399
20180216

CD

Anonymus:

Rediscovered Treasures from Dresden

Robin Peter Müller, fiolin; La Folia Barockorchester; konsertmeister: Pia Grutschus. Deutsche Harmonia Mundi 2018

«Den augusteiske gullalderen» blir han gjerne kalla, regjeringsperioden til keisar Augustus kring Kristi fødsel, i tida då litteratur, kunst og arkitektur blømde i Romarriket. Men òg det tyske kurfyrstedømmet Sachsen hadde ein augusteisk gullalder: I tida frå 1697 til 1763 (med eit kort avbrekk under Den store nordiske krigen) herska tre augustar – August I «den sterke», August II og August III – ikkje berre som kurfyrstar over Sachsen, men òg som kongar over Polen. I denne augusteiske tida fekk residensbyen Dresden den forma me kjenner i dag, med storfelt barokkarkitektur som Frauenkirche, Zwinger og Katholische Hofkirche. Og frå heile Europa blei det kjøpt inn kostesame kunststykke av Rembrandt, Vermeer, Tizian og Rafael, måleri som i dag utgjer kjernen til Staatliche Kunstsammlungen Dresden, eit av verdas fremste kunstmuseum.

Ukjende komponistar

Vitjar ein Dresden i vår tid, står praktbygningane frå den augusteiske gullalderen framleis der, og måleria heng på veggene i musea. Annleis er det med musikken frå denne tida, den som gjorde byen til eit musikalsk Mekka i barokktidas Europa. Dresden var i fyrste helvta av 1700-talet kjend for å hysa verdas beste orkester, med eit miljø som trekte komponistar av verdsrang til hoffet.

Men notar blir fyrst til musikk når ein hentar dei ut or arkiva, bles støv av dei og plasserer dei på notestativa til orkestermusikarane. Det er dette La Folia Barockorchester har gjort i samband med det spanande albumet Rediscovered Treasures from Dresden. Her får me høyra fem orkesterverk frå byrjinga av 1700-talet som aldri er spelte inn på plate før. (Så vidt eg veit har dei ikkje vore spelte i det heile sidan barokken.) Alle komposisjonane er anonyme, noko eg tykkjer er spesielt spanande – eg lyttar på ein annan og liksom meir fordomsfri måte når eg ikkje veit kven komponisten er.

Italiensk og fransk

Korleis kling så musikken? Mest alle verka er konsertar for solofiolin og orkester. Spesielt flammande er solostemma i Concerto à 5 obligati i F-dur, som er skriven i ei blanding av italiensk og fransk stil. Den lamenterande andresatsen er smektande italiensk, mykje lik den me kjenner frå Antonio Vivaldi (1678–1741), som var barokkens største fiolinkonsertkomponist. Tredjesatsen byrjar derimot meir fransk, for her spelar heile orkestert fyrst ein «gavotte», ein sirleg og elegant fransk hoffdans. Men det sirlege og elegante kverv snart bort når solofiolinen midt i satsen bryt ut i lynraske variasjonar over gavotten, ein virtuos styrkeprøve La Folia Barockorchesters fiolinsolist Robin Peter Müller består med glans.

I motsetnad til dei slanke fiolinkonsertane læt Concerto for fiolin, 2 oboar, 2 horn, fagott, styrkarar og basso continuo mest bombastisk, med boblande oboar og kraftige støyt frå horna, ikkje ulikt stilen i Georg Friedrich Händels (1685–1759) Water Music. Dette var nok musikk etter August den sterkes smak – kurfyrsten som var kjend for å bøya hestesko med berre hendene og å vippa utanlandske diplomatar av pinnen ved å spenna revkrok med dei.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis