Arkivet: Muddy Waters
Tidlegare i haust kom The Montreux Years, ein boks med opptak frå tre konsertar Muddy Waters (1913–1983) gjorde på Montreux Jazz Festival i tidsrommet 1972–1977. Det er ei utgiving som byr seg som eit fint høve til å lytte, anten du er framand for artisten eller ønskjer å høyre meir, med eit repertoar tett på klassikarar.
Opptaka høyrer til perioden då Waters laga fire plater for Blue Sky Records, alle produserte av Johnny Winter, mellom dei høgdepunktet Hard Again (1977), og det er ein fest å høyre opptaka frå Montreux-festivalen det same året, ikkje minst ikoniske «Got My Mojo Working».
Songen vart ein slags signaturlåt etter Newport-festivalen i 1960, og medverka til å gi Waters eit veksande publikum av rockelyttarar, noko som særleg gjorde seg gjeldande i åra denne boksen dokumenterer, då han til dømes fekk ein plass i The Band-konsertfilmen The Last Waltz (Martin Scorsese, 1978), som vart spelt inn i San Francisco hausten 1976.
I den rike historieboka Delta Blues: The Life and Times of The Mississippi Masters Who Revolutionized American Music (2008) har Waters ikkje overraskande ein sentral plass, ikkje minst for rolla han spela i utviklinga av Chicago-bluesen, med kanoniserte utgivingar på selskapet Chess Records (som måtte pakke saman i 1975): «His songs looked to the future, even if they pretended to dwell on the past», skriv Gioia, i det medrivande kapitlet som skildrar karrieren til bluesgiganten.
Øyvind Vågnes
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Tidlegare i haust kom The Montreux Years, ein boks med opptak frå tre konsertar Muddy Waters (1913–1983) gjorde på Montreux Jazz Festival i tidsrommet 1972–1977. Det er ei utgiving som byr seg som eit fint høve til å lytte, anten du er framand for artisten eller ønskjer å høyre meir, med eit repertoar tett på klassikarar.
Opptaka høyrer til perioden då Waters laga fire plater for Blue Sky Records, alle produserte av Johnny Winter, mellom dei høgdepunktet Hard Again (1977), og det er ein fest å høyre opptaka frå Montreux-festivalen det same året, ikkje minst ikoniske «Got My Mojo Working».
Songen vart ein slags signaturlåt etter Newport-festivalen i 1960, og medverka til å gi Waters eit veksande publikum av rockelyttarar, noko som særleg gjorde seg gjeldande i åra denne boksen dokumenterer, då han til dømes fekk ein plass i The Band-konsertfilmen The Last Waltz (Martin Scorsese, 1978), som vart spelt inn i San Francisco hausten 1976.
I den rike historieboka Delta Blues: The Life and Times of The Mississippi Masters Who Revolutionized American Music (2008) har Waters ikkje overraskande ein sentral plass, ikkje minst for rolla han spela i utviklinga av Chicago-bluesen, med kanoniserte utgivingar på selskapet Chess Records (som måtte pakke saman i 1975): «His songs looked to the future, even if they pretended to dwell on the past», skriv Gioia, i det medrivande kapitlet som skildrar karrieren til bluesgiganten.
Øyvind Vågnes
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.