Bachs gutesopranar
Finst der ein spesiell Thomanerchor-klang?
Statuen av Johann Sebastian Bach (1685–1750) utanfor Thomaskyrkja i Leipzig.
Foto: Sjur haga Bringeland
CD
Johann Sebastian Bach:
Bach
Cantatas
Thomanerchor Leipzig; Sächsisches Barockorchester; dir.: Gotthold Schwarz. Accentus Music 2018
Gutekoret i Thomaskyrkja i Leipzig har ei over 800 år lang historie. Sjølv om det har hatt eit utal sjefdirigentar – «thomaskantorar», blir dei kalla – finst der ei slags tidsrekning som byrjar med Johann Sebastian Bach, som blei kantor der i 1723. Den noverande sjefdirigenten, Gotthold Schwarz, titulerer seg slik stolt som «den 17. thomaskantoren etter Bach».
Koret er sett saman av 9–18 år gamle elvar ved internatskulen Thomasschule. Schwarz var sjølv kormedlem som barn, så den tunge kortradisjonen skal difor slik vera i gode hender. Men finst der i det heile ein spesiell Thomanerchor-klang som gjer at dette koret skil seg frå andre elitegutekor, spesielt når det kjem til kjernerepertoaret deira, nemleg Bachs vokalmusikk?
Barokkorkester
Thomaskyrkja har i dag ikkje noko eige orkester, slik det hadde på Bachs tid. Vanlegvis er det difor Gewandhaus-orkesteret, Leipzigs ypparlege symfoniorkester, som trer til når store kantatar og pasjonar skal framførast. Men eg, som har høyrt denne ensemblekonstellasjonen på konsert mange gonger, har aldri blitt overtydd av han. For ikkje berre spelar Gewandhaus-musikarane på moderne instrument, dei spelar òg på ein romantisk måte som høver dårleg til Bachs musikk. Difor er det bra at thomaskantor Schwarz på denne plata med tre kyrkjekantatar har engasjert Sächsisches Barockorchester, som spelar med den rette lette, artikulatorisk presise og dynamisk skifterike klangen Bachs orkesterpart treng.
Den fyrste kantaten er mest dramatisk. Opningssatsen til Allein zu dir, Herr Jesu Christ, BWV 33, struttar av desperat energi, med snøgge, stigande tonerekkjer som fyrst set inn i oboane, så blir imitert av fiolinane, før basseksjon i orkesteret tek over. Sächsisches Barockorchester skaper her horisontalt bylgjande rørsler som står i vakker kontrast til dei steile korakkordane. Sistnemnde er ei harmonisering av ein gamal salmemelodi frå reformasjonen.
Behageleg diffus
Eit heilt anna uttrykk har den andre kantaten, særleg fyrstesatsen Wer Dank opfert, der preiset mich, BWV 17, som er godlynt sundagsmusikk av typen berre Bach får til. Jubeltiradane byrjar her hjå tenorsolisten, blir så teken over av altsolisten, før dei sølvklåre gutesopranane set inn. Om ein likar slanke og rørlege røyster, er tenoren Wolfgang Lattke den mest fascinerande songsolisten – arien «Welch Übermaß der Güte» har vedunderleg klår diksjon og intonasjon.
Opningssatsen til den tredje kantaten, Was Gott tut, das ist wohlgetan, BWV 99, er spesiell, for Bach har forma orkesterdelen som ein liten trippelkonsert for tverrfløyte, Obo d’amore (ein stor obo) og fiolin. Her òg ligg ein gamal salme til grunn, der gutesopranane syng sjølve melodien. Om me leitar etter ein spesiell thomanerkorklang, bør han finnast her: Lyden er litt lunare enn i tilsvarande tyske kor, for sopranane har ein snev av vibrato på tonen, som gjer han behageleg diffus. Om me jamfører med den teknisk lytefrie, litt glatte engelske gutekorklangen, blir dette særmerket endå tydlegare.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.