Bachs yndlingselev
Manuel Tomadin spelar Johann Ludwig Krebs på barokke orgel.
CD
Johann Ludwig Krebs:
Complete Organ Music
Manuel Tomadin, orgel. Brilliant 2018
Lagnaden til somme geniale kunstnarar var å vera fødd i feil generasjon. Somme var fødde for tidleg – publikum var ikkje mogne for verka deira, dei var for moderne for si tid. Men det finst òg kunstnarar som var fødde for seint. Komponisten som organisten Manuel Tomadin no har spelt inn alle verka av på sju CD-ar, er ein av dei.
Kven har høyrt gjete Johann Ludwig Krebs (1713–1780)? Truleg berre dei som er over gjennomsnittet interesserte i Johann Sebastian Bachs liv, for i Bach-biografiane blir Krebs gjerne nemnd som ein av yndlingselevane hans i Leipzig. I eit vitnemål stadfestar Bach at Krebs har gått i lære hjå han i klaver (som òg omfatta orgel), fiolin, lutt og komposisjon, og han rosar spesielt prestasjonane hans i orgelspel.
Umoderne epigon
Kva meir kunne ein ung organist ynskja seg enn ei slik tilråding frå Bach, som var kjend som Tysklands beste orgelspelar? Lite, skulle ein tru. Problemet var berre at Krebs hadde vore for flink. Han hadde internalisert den kompliserte spele- og komposisjonsstilen til læraren sin så til dei grader at han blei sett på som Bach-epigon. Og endå verre: Han blei oppfatta som umoderne. Hadde Krebs vore fødd 20 år tidlegare, ville alle kyrkjedører stått opne for han. Men sidan han tviheldt på barokk tyngd og aldri greidde å tilpassa seg den lette og galante musikkstilen i andre helvta av 1700-talet, blei lagnaden hans å vandra frå den eine usselt betalte provinsorganiststillinga til den neste.
Originale orgel
For oss i dag har det lite å seia om ein komponist var moderne eller ikkje i samtida, så lenge verka er gode. Og etter å ha lytta gjennom alle CD-ane i Tomadins nye album, kan eg stadfesta at orgelverka til Krebs held imponerande høgt nivå. Dei kan delast inn i to kategoriar: dei som er bundne til koralar (salmar), til dømes koralforspel og koralvariasjonar, og dei som ikkje er det, til dømes triosonatar og toccataar (eller preludium) og fugar.
I dei koralbundne stykka høyrer me solid komposisjonshandverk og stundom geniale innfall. Men verka eg lèt meg riva mest med av, er dei veldige toccataane og fugane – det er desse som minner mest om Bach.
Og Tomadins tolkingar? Sjølv om artikulasjonen hans generelt kunne vore meir variert, særleg i pedalstemma, er framføringane skifterike nok til at eg ikkje går lei spelemåten hans. Og éin ting til når det gjeld variasjon: Det at han spelar på tre originale instrument frå barokken, skaper turvande lydleg avveksling.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.