Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Bak horisonten

Ian Noes sosiale samvit får uttrykk i sterke forteljingar i kortformat.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ian Noe frå Kentucky er ute med sitt første album.

Foto: Kyler Clarck

2540
20190823
2540
20190823

Country

Ian Noe:

Between the Country

National
Treasure

Kva prøver ein å feste blikket på der i horisonten, om ein ikkje har noko å sjå fram til? Sola som går ned, medan ein skjenker seg eit glas til, og tenkjer på «that sweet someday/ when we leave our troubles/ and are taken so far away».

I alle fall i Ian Noes «Junk Town», eit av høgdepunkta på Between the Country, det første albumet hans, som kom ut før sommaren. Songen skildrar slit og armod i eit liv som ikkje byr på fluktruter, der forsoning med eigen lagnad liknar farleg på resignasjon, eller i beste fall på fattig, kortvarig trøyst.

Gåverik forteljar

Det vi veit om songane til Noe, derimot, er at dei korkje er av det fattige eller kortvarige slaget (og då tenkjer eg på levetida deira, og plassen dei vinn hos lyttarane). Tysdag kveld skulle artisten ha varma opp for John Prine i Oslo (konserten er avlyst), og som veteranen og førebiletet er Noe ein gåverik forteljar, med eit fast grep om det heilt korte formatet. Sjølv om dette er den første plata han gir ut, veit han å skrive fram strofer som rommar rike karakterteikningar, sterke historier, slåande bilete og nære stemningar.

Fleire av songane på Between the Country plasserer karakterane sine i småbyen, ein tumleplass for livets små og store tragediar, og ein topos Noe kjenner til fingerspissane. Låtskrivaren voks opp i Kentucky, nærare bestemt aust i staten, eit område New York Times-journalist Annie Lowrey for nokre år sidan kalla den kanskje aller vanskelegaste plassen å bu i USA, «statistically speaking» – her er fattigdomen framskriden og helseproblema djupe og omfattande.

Autentisitet og empati

I songane til Noe er ikkje desse nedbrytande elementa skildra med sosiologisk-analytisk distanse, men snarare levandegjort med autentisitet og empati, som når sola går ned over forteljaren i nett «Junk Town». Ein song som «Meth Head» vik ikkje blikket og peikar på nokre av dei styggaste samanhengane mellom sosiale problem og lammande rusmisbruk i opioidsamfunnet Noe rapporterer frå.

Produsent Dave Cobb spelar gitarar på albumet, Adam Gardner er med på bass og tangentar, Chris Powell står for trommer og perkusjon, og Savannah Conley korar. Innspelinga gjekk føre seg i sjølvaste RCA Studio A i Nashville. Med debutalbumet står Ian Noe fram som ein lågmælt låtskrivar av format, utstyrt med eit sosialt samvit som er sterkt og ekte.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis