Brennheite afrobeats
Burna Boy kokar i hop medrivande og viktig afro-fusion.
Burna Boy er ein afrikansk gigant, seier han sjølv.
Pressefoto
Afrobeats
Burna Boy:
African Giant
Spaceship / Bad Habit / Atlantic / Warner Music
Allereie i Nok-kulturens tid (ca. 1500 fvt. – 500 evt.) fanst det handelsruter mellom Nigeria og Europa. Den nigerianske artisten Burna Boys’ første utkast til utsida av Afrika var fjorårets Outside, men det er først no, med fjerdeplata African Giant, at det byrjar å demre her nord kor heit denne guten frå Vest-Afrika faktisk er.
Afrikansk gigant
Han lét sjølv vesten få høyre det på sosiale medium tidlegare i år, etter at han blei lista med medium små eller store bokstavar på Coachella-festivalens lineup: «I am an AFRICAN GIANT and will not be reduced to whatever that tiny writing means.» Sånn skal det låte. «If it’s positive energy it’s positive energy, you know... It doesn’t matter what it is you’re saying in your songs», seier han i eit videoklipp på lyrikknettstaden Genius.com. «I kinda just enjoy the entertainment.»
Og underhaldande er musikken hans definitivt – eg blir stadig trekt tilbake mot dansegolvet her. Men tekstane er òg svært interessante. Levert på ei blanding av engelsk, naija, yoruba og mogelegvis andre nigerianske språk, handsamar dei eit breitt spekter av personlege og politiske tema, mellom anna i Different, ein trio om forskjellar med sjølvaste Damian Marley og Angelique Kidjo.
Brennaktuelt
I grunnen verkar alt her politisk og brennaktuelt, men samstundes er det ekstremt moro. Til sist får vi høyre opptak av mamma Burna Boy som tar imot ein pris på vegner av sonen: «The message from Burna, I believe would be that every black person should please remember that you were Africans before you became anything else.» Det same burde i grunnen alle andre òg hugse på.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?