Den danske gitarpoeten
Jacob Bro har funne perfekte leikekameratar.
Jazz
Jacob Bro:
Uma Elmo
Arve Henriksen, trompet og pikkolotrompet; Jacob Bro, gitar; Jorge Rossy, trommer.
ECM 2702
Denne trioen spelte saman for første gong på denne plateinnspelinga i Lugano. Det er med andre ord slik kjærleik ved første blikk høyrest ut. Bro har komponert åtte låtar (der ein er med i to versjonar) og plukka to medmusikantar som er fullstendig på bølgelengd. Trioen viskar ut skilje mellom det skrivne og improviserte.
Meditativ ro
Det er ei meditativ ro over musikken til Bro. Det er heile vegen harmonisk ope og rytmisk fritt. Rossy er langt meir ein poetisk fargeleggjar enn ein som held takten. Han brukar tammane minst like mykje som cymbalane, og Bro markerer pulsen i musikken i minst like stor grad som Rossy. Henriksen spelar på store deler av trompetregisteret og trillar den eine melodiske perla etter den andre ut av horna sine. Det klanglege bakteppet som Bro skapar, er i konstant, men minimalistisk endring.
Drama og djupn
Plata opnar med ein låt Bro også spelte i bandet til Paul Motian «Reconstructing A Dream», og denne låten set standarden på alle vis og illustrerer kor mykje drama og djupn det er i musikken. I «To Stanko» har Henriksen nokre vriar på melodilinja som er heilt oppsiktsvekkjande. Den korte trommeintroen er i same liga. Flottare hylling kunne ikkje salige Tomasz Stanko få. Allereie i februar har me fått ein kandidat til årets plate.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Jacob Bro:
Uma Elmo
Arve Henriksen, trompet og pikkolotrompet; Jacob Bro, gitar; Jorge Rossy, trommer.
ECM 2702
Denne trioen spelte saman for første gong på denne plateinnspelinga i Lugano. Det er med andre ord slik kjærleik ved første blikk høyrest ut. Bro har komponert åtte låtar (der ein er med i to versjonar) og plukka to medmusikantar som er fullstendig på bølgelengd. Trioen viskar ut skilje mellom det skrivne og improviserte.
Meditativ ro
Det er ei meditativ ro over musikken til Bro. Det er heile vegen harmonisk ope og rytmisk fritt. Rossy er langt meir ein poetisk fargeleggjar enn ein som held takten. Han brukar tammane minst like mykje som cymbalane, og Bro markerer pulsen i musikken i minst like stor grad som Rossy. Henriksen spelar på store deler av trompetregisteret og trillar den eine melodiske perla etter den andre ut av horna sine. Det klanglege bakteppet som Bro skapar, er i konstant, men minimalistisk endring.
Drama og djupn
Plata opnar med ein låt Bro også spelte i bandet til Paul Motian «Reconstructing A Dream», og denne låten set standarden på alle vis og illustrerer kor mykje drama og djupn det er i musikken. I «To Stanko» har Henriksen nokre vriar på melodilinja som er heilt oppsiktsvekkjande. Den korte trommeintroen er i same liga. Flottare hylling kunne ikkje salige Tomasz Stanko få. Allereie i februar har me fått ein kandidat til årets plate.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Betlehemsstjerna.
Foto via Wikimedia Commons
2024 eller 2031 etter Kristus?
Når blei Jesus fødd? Kva er utgangspunktet for tidsrekninga vår?
Teikning: May Linn Clement
«Jan Ansgar har levd lenge i trua på at han kan finne mandelen like godt som alle andre.»
Foto: Flamme Forlag
Eit dikt om honning
Honningen – flytande, glitrande, gul som sollyset – er både kvardagsleg og heilag.
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons
Sjølvsagt er vi ikkje dei einaste som har skjøna at hovudet til sauen er god mat.
Midtfjords: ein attraksjon Fylkesbaatane var åleine om.
Foto frå boka: Ole Fretheim
Friskt om ferjer
«Til og med bilar vart køyrde frå den eine ferja til den andre midt ute på fjorden.»