Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Den siste flamlendar

Giovanni de Macque teiknar tonebilete av dansande nymfer og fuglar i flukt i madrigalane sine.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dansande nymfer, slik italienaren Francesco Zuccarelli (1702–1788) såg slike føre seg.

3021
20190125
3021
20190125

CD

Giovanni
de Macque:

Madrigali & Organ Works

Weser
Renaissance;
dir.: Manfred Cordes. CPO 2018

«Den flamske skulen» blir ho kalla, retninga i den vokale renessansemusikken som utvikla seg på byrjinga av 1400-talet i Flandern, området som i dag ligg på både nederlandsk, belgisk og fransk grunn. Stilen sameinar på vedunderleg vis streng polyfoni med uttrykkssterk klang, og påverknaden han i to hundreår hadde på den europeiske kunstmusikken, kan mest ikkje overvurderast. For flamske komponistar kledde dei høgaste musikarstillingane ved europeiske hoff og i katedralar, mellom anna i Venezia, der dei la grunnlaget for ein annan skule, «den venetianske», som i sin tur bana veg for barokkmusikken.

Fiamminghi

Musikken det tyske ensemblet Weser Renaissance spelar på dette albumet, er av ein av dei siste store flamlendarane, eller fiamminghi, som italienarane kalla dei: Giovanni de Macque (1548–1614), som kom til verda i Valenciennes i dagens Frankrike. Han blei utdanna ved hoffkapellet i Wien, var organist i San Luigi dei Francesi, den franske nasjonalkyrkja i Roma, og enda opp som kapellmeister ved hoffet til visekongen av Napoli.

Plata er fint programmert, med femstemmige madrigalar (verdslege vokalkomposisjonar) og reine orgelstykke – dei fyrste vitnar om de Macques evne til ekspressive tonemåleri, dei siste om den grunnlærde klaverstilen hans. Han greier nemleg å modulera til dei fjernaste toneartar utan at det kling kunstla.

Kjølig pust

Kva ligg så i omgrepet «ekspressive tonemåleri»? Det er evna til å understreka handlinga eller konkrete hendingar i librettoen (poesien) musikalsk. Lat oss ta to døme frå CD-en: Eit enkelt eksempel finst i den fyrste madrigalen, Cantan gl’augelli. Le Ninfe menan danz’, der me blir tekne med til det idyllisk-sorglause Arkadia på Peloponnes. «Nymfene dansar i krins og kveikjer hjarta til gjetarane», heiter det ein stad i diktet, noko Macque illustrerer ved brått å skifta til tredelt, valseaktig taktart.

Meir raffinerte tonemåleri finn me i Fuggia la notte, den madrigalen på plata som har vakrast poesi. Her er det ikkje eit mytologisk landskap som blir skildra, men ei landleg morgonstemning med morgonraude. «Og alle fuglar kringom på markene bryt den unge dagens togn», heiter det i diktet. Fuglane, eller rettare sagt flukta til fuglane, høyrer me i den bølgjande melodien i kvinnerøystene, medan den brotne togna er illustrert med stille pausar som blæs som kjølige pustar gjennom musikken.

De Macque er eit ukjent komponistnamn i dag; sjølv hadde eg aldri høyrt om han. Musikken hans er heller ikkje epokegjerande på noko vis, men solid komponert innan sin stil. Og ikkje minst gjev han fine høve til skifterike og fantasifulle tolkingar – dette får songarane i Weser Renaissance godt til, med elegant deklamasjon og klokkerein intonasjon.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis