Det inste sjiktet
NeoBarock skarpar av dei ulike kompositoriske laga i Bachs triosonatar.
Det tyske barokkensemblet NeoBarock – her med tre fiolinar, ikkje to, som på plata.
Foto: Peter C. Theis
CD
Johann Sebastian Bach:
Metamorphose
NeoBarock. Ambitus 2019.
Stundom kan ein i gamle og verneverdige hus oppdaga små felt med ulike fargar på veggene. Her har fagfolk – antikvarar, restauratørar eller kva slike kallar seg – grannsamt skrapa av dei ulike laga med måling for å finna ut kva fargar romma har hatt i tidlegare tider. Inst finn ein den eldste fargen, den originale.
Dei som arbeider med Johann Sebastian Bachs (1685–1750) kammermusikk, og då særleg med triosonatane, kan arbeida på liknande vis. Denne komposisjonsforma, med to melodiinstrument (vanlegvis fiolinar) og basso continuo (ei besifra bassline, vanlegvis framført av cello og cembalo), var barokkens mest sofistikerte – idealet var å komponera slik at dei ulike stemmene verkar likeverdige i høve til kvarandre.
Fiolinoriginalen
I Bachs nekrolog frå 1754 står det at han komponerte «ei mengde instrumentale saker, av allslags art og for allslags instrument». Likevel er det ikkje overlevert ein einaste triosonate for fiolinar etter han. Somt må difor vera gått tapt – tap det tyske strykeensemblet NeoBarock med det interessante albumet Metamorphose ynskjer å bøta på.
Musikarane tek her utgangspunkt i triosonatar for andre instrument som dei meiner Bach opphavleg skreiv for fiolinar. I restaurasjonsprosessen har dei skrapa av dei ulike kompositoriske sjikta til stykke for cembalo og viola da gamba (eit celloliknande strykeinstrument), og verk for to tverrfløyter og basso continuo. Slik håpar dei å finna fram til det som kan ha vore fiolinoriginalen.
Argumenta
Korleis argumenterer musikarane så for at triosonatane opphavleg må ha vore for fiolinar? Viktig er det idiomatiske, altså passasjar som fungerer betre på fiolin enn på andre instrument, og vidare kva for toneomfang Bach nyttar i melodiane. For folk som ikkje spelar fiolin, er jo slikt vanskeleg å etterprøva. Men det klanglege resultatet overtyder. Eit døme er rekonstruksjonen av Triosonaten for gambe og obligat cembalo i g-moll, BWV 1029 (obligat tyder her at cembaloen speler to stemmer, ikkje berre bassen). I den rolege midtsatsen «Adagio» slyngjer dei likeverdige fiolinstemmene seg her saman slik at dei vakre dissonansane kjem ekstra godt fram. Eit anna døme er andresatsen «Allegro» i det som er overlevert som Triosonate for gambe og obligat cembalo i D-dur, BWV 1028. Dei parallelt førte melodilinene, som musikarane spelar med klokkerein intonasjon og uvanleg samkøyrd artikulasjon, er svært fiolintypiske.
Kling så NeoBarocks rekonstruksjonar betre enn dei overleverte versjonane? Nei, og det er dette som er så unikt ved Bachs musikk: Substansen i komposisjonane er så solid at dei fint kan framførast på mange ulike måtar.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.