Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Det som var, og det som er

Sharon Van Etten har fornya uttrykket på si nye plate.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sharon Van Etten då ho spelte på musikkfestivalen Austin City Limits i oktober i fjor.

Foto: Jack Plunkett / Invision / AP / NTB scanpix

2523
20190118
2523
20190118

Rock

Sharon Van Etten:

Remind Me Tomorrow

Jagjaguwar

Med jamne mellomrom gjenopplivar ein artist uttrykket sitt ved å gjere bruk av nye verkty. Ei ny estetisk retning kan opne for ein ny måte å fortelje på. Dette må ha vore utgangspunktet for Sharon Van Etten då ho i arbeidet med ferske Remind Me Tomorrow la frå seg gitaren og fann vegen til synthar og trommemaskiner, slik så mange rockeartistar har gjort dei siste åra.

Først tok ho til å komponere ved tangentane, og første singel, tøffe og gatesmarte «Comeback Kid,» skal opphavleg ha vore ein pianoballade. Vidare har nyorienteringa mellom anna hendt i dialog med produsent John Congleton, som fekk høyre songane i tidlege, råe utgåver, og som føreslo nokre grep som gjorde dei mindre minimalistiske og rockebasiske enn det som er vanleg frå Van Etten.

Utgangspunktet

Snart fem år har gått sidan eg skreiv om Are We There (2014) på desse sidene, Van Ettens førre studioalbum, og ei av dei sterkaste rockeplatene på denne sida av tusenårsskiftet. Eg kjende meg skaka, opprørd og opprømt om kvarandre i møtet med materialet den gongen. Are We There fortalde om Van Ettens veg ut av eit destruktivt forhold, eit tilsynelatande umogleg utgangspunkt for å skulle kunne lage populærmusikk, men likevel ikkje, viste det seg. Albumet må ha vore viktig for mange lyttarar.

At utgangspunktet for Remind Me Tomorrow er eit ganske anna skal vel både artisten sjølv og vi vere glade for. I både presseskriv og ferske intervju kjem det fram at Van Etten skreiv songane på den nye plata då ho var gravid og studerte psykologi. Brått var ho å sjå på TV-skjermen også, i serien The OA, og så dukka ho opp og song i ein episode av David Lynchs nye Twin Peaks-serie.

Kreativ energi

Alt dette vitnar jo om ein massiv kreativ energi, og Remind Me Tomorrow kjennest då også ut som eit overskotsprosjekt. «This record is about pursuing your passions,» fortel Van Etten i ein kort kommentar til den nye musikken.

Van Etten har gjort bruk av svært ulike, men markante samarbeidspartnarar denne gongen – folk som Joey Waronker (kjend frå prosjekt med både Atoms For Peace, Beck og R.E.M.) og norske Lars Horntvedt (Jaga Jazzist). Artisten høyrest fornya ut, men likevel heilt som seg sjølv, og det skal verte svært spennande å finne ut korleis ho framfører både gammalt og nytt materiale når ho kjem til Parkteatret i Oslo 10. april.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis