Eleganse, presisjon og kraft
Håvard Svendsrud serverer virtuose framføringar av Chr. Liebaks komposisjonar.
Trekkspelmusikk
Håvard Svendsrud:
Akkordion Souvenir
Aksent
Noko som er typisk for mange slags folkekjær musikk, er at han ikkje passar heilt inn i etablerte kategoriar som «klassisk» eller «folkemusikk». Det gjeld mellom anna musikk for korps, kor og, i dette tilfellet, trekkspel.
Ein norsk musikar som hadde særleg mykje å seia for utviklinga av trekkspelmusikken i Noreg, var Christian Liebak (1892–1980) frå Oslo. Han var ein av dei første i landet som fekk kromatisk trekkspel, han var svært populær og spelte fleire gonger på Slottet, han var musikkteoretisk skolert, ein ettertrakta pedagog, og han publiserte musikken både som notetrykk og grammofoninnspelingar.
Komposisjonane som Svendsrud presenterer på denne plata, er ein kombinasjon av lettilgjengelege, populære musikkformer som marsj, vals og masurka. Men dei er langt meir avansert utforma enn enkel dansemusikk eller uinspirert bakgrunnsmusikk. Dette er konsertmusikk, som er formmessig og harmonisk avansert, og ofte med svært raske melodiske passasjar. Også titlane er prega av denne kombinasjonen av det folkelege og det seriøse, til dømes «Belle Donna, konsertmasurka», «Radiobølger, valse caprice», «Accordion Souvenir, marsj-intermezzo».
Håvard Svendsrud framfører denne musikken, som er teknisk svært krevjande, med ro og kontroll. Dei virtuose passasjane er imponerande, men framførte med eleganse som gjer at dette vert meir enn ein idrettsprestasjon. Liebaks ambisjon om samstundes å vera populær og avansert er såleis forvalta på beste måte av Svendsrud – både som utøvar og formidlar av kulturarv.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.