Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Fasettert musikalsk utflukt

Le Renard Bleu kombinerer Takada og Lafawndah perkusjon, stemme og mytologi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1559
20180928
1559
20180928

Verdsmusikk

Midori Takada og Lafawndah:

Le Renard Bleu

K7

Den japanske perkusjonisten Midori Takata og den Paris-baserte, egyptisk-iransk-engelske songaren Lafawndah gav for kort tid sidan ut EP-en Le Renard Bleu, eit musikalsk samarbeidsprosjekt verdsaltet aldri har høyrt maken til.

Hypnotiske marimba-arpeggio, polyrytmisk tromming og bjelleklang produsert med ein «AquaSonic Waterphone» – ein moderne idiofon (melodisk perkusjonsinstrument) som blei funnen opp på slutten av 60-åra, etter at skaparen Richard Waters oppdaga ei tibetansk tromme med vatn i resonanskammeret – fortel, i kombinasjon med ei stemme som saumlaust skiftar mellom klassiske og R&B-uttrykk, ei laus soge om skuggabaldur, den islandske blå reven som kjem til verda når ein katt og ein rev parar seg. Dette er ein fasettert og kompleks – og dessutan både avslappande og medrivande – komposisjon på 20 minutt med tilhøyrande video som ein kan søke opp på Youtube.

Midori Takada er elles mest kjend for den segnomspunne og – inntil ho blei utgjeven på nytt av plateselskapet Palto Flats i fjor – sjeldne plata Through The Looking Glass (1983). Denne surrealistiske musikalske utflukta tek utgangspunkt i Lewis Carrolls oppfølgjar til Alice i Eventyrland, og læt som ei kryssing av minimalistisk samtidsmusikk, afrikansk og asiatisk folkemusikk og progrock. Lesaren skuldar øyro sine eit møte med dette.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Verdsmusikk

Midori Takada og Lafawndah:

Le Renard Bleu

K7

Den japanske perkusjonisten Midori Takata og den Paris-baserte, egyptisk-iransk-engelske songaren Lafawndah gav for kort tid sidan ut EP-en Le Renard Bleu, eit musikalsk samarbeidsprosjekt verdsaltet aldri har høyrt maken til.

Hypnotiske marimba-arpeggio, polyrytmisk tromming og bjelleklang produsert med ein «AquaSonic Waterphone» – ein moderne idiofon (melodisk perkusjonsinstrument) som blei funnen opp på slutten av 60-åra, etter at skaparen Richard Waters oppdaga ei tibetansk tromme med vatn i resonanskammeret – fortel, i kombinasjon med ei stemme som saumlaust skiftar mellom klassiske og R&B-uttrykk, ei laus soge om skuggabaldur, den islandske blå reven som kjem til verda når ein katt og ein rev parar seg. Dette er ein fasettert og kompleks – og dessutan både avslappande og medrivande – komposisjon på 20 minutt med tilhøyrande video som ein kan søke opp på Youtube.

Midori Takada er elles mest kjend for den segnomspunne og – inntil ho blei utgjeven på nytt av plateselskapet Palto Flats i fjor – sjeldne plata Through The Looking Glass (1983). Denne surrealistiske musikalske utflukta tek utgangspunkt i Lewis Carrolls oppfølgjar til Alice i Eventyrland, og læt som ei kryssing av minimalistisk samtidsmusikk, afrikansk og asiatisk folkemusikk og progrock. Lesaren skuldar øyro sine eit møte med dette.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis