JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Frå katedral til konsertsal

Bach skreiv Juleoratoriet som gudstenestemusikk. Kva går tapt når ein tek verket ut or kyrkja?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Wiener Musikverein frå 1870 er eit musikalsk tempel.

Foto: Ailura

4662
20181221
4662
20181221

Konsert

Johann Sebastian Bach:

Juleoratoriet

Cornelia Horak, sopran; Sophie Rennert, alt; Manuel Günther, tenor; Josef Wagner, bass; Chorus sine nomine; L’Orfeo Barockorchester; dir.: Johannes Hiemetsberger. Wiener Musikverein, onsdag 12. desember

Du kjenner han kan hende gjennom nyttårskonserten, som kvart år blir kringkasta til nærare hundre land og sett live av femti millionar menneske: «Den gylne salen» i Wiener Musikverein (Wien musikklag), som ikkje berre gleder øyro med varm akustikk, men òg er ein fryd for augo.

Bygningen frå 1870 er eit uttrykk for kunstreligionen som vaks fram mot slutten av 1800-talet, då borgarskapen dyrka sine musikalske geni som gudar og reiste klassiske tempel for dei: Hovudinngangen er krona med ein relieffsmykka tempelgavl, i foajeen står komponistbyster som heilage gudebilete og i konsertsalen blir balkongen halden oppe av rekkjer med karyatider – søyler i kvinneform av typen som pryder Erekhtheion-tempelet på Akropolis i Athen. Ein kyrkjeleg konnotasjon gjev orgelet over podiet, det òg med greske karyatider.

Konsertmusikk

Men eg skulle altså ikkje på nyttårskonserten i Wien, men på julekonserten med Johann Sebastian Bachs (1685–1750) Juleoratoriet, BWV 248, framført av L’Orfeo Barockorchester og koret Chorus sine nomine.

Sjølve ideen skurrar litt: Kyrkjemusikk tiltenkt ein liturgisk, evangelisk-luthersk samanheng framført i ein verdsleg sal i det katolske Wien? Vel, Bach urframførte verket i Leipzigs Thomas- og Nikolaikyrkje i jula og på nyåret 1734–35, men det er alt 150 år sidan det fridde seg frå gudstenesta og byrja eit nytt liv som rein konsertmusikk. Det er ei naturleg utvikling. Men kva går tapt på vegen?

Manglande bit

Det oppstår gjerne framføringspraktiske problem av akustisk art. I Wien merka ein dette frå fyrste paukeslag av, i den praktfullt svingande opningssatsen «Jauchzet, frohlocket», komponert for fyrste juledag. Her helsar Bach Kristus velkomen som himmelfyrste med kvervlande paukar og trompetar, instrument som i barokken òg var verdslege fyrsteattributt. Men sjølv om Den gylne salen er kjend for god akustikk, var ikkje barokkinstrumenta til L’Orfeo Barockorchester sterke nok til å bera lyden skikkeleg ut i rommet. Endå eg sat på sjuande rad, såg eg meir til paukane enn eg høyrde dei, og sjølv om trompetistane tuta alt dei orka, klang det ikkje briljant.

Strykarane var det litt betre stilt med. Men sidan dirigenten Johannes Hiemetsberger likar snøgge tempo og har ein hang til å forma frasane med markante crescendi og decrescendi (lydlege stigningar frå svakt til sterkt, og omvendt), blei byrjingane og avslutninga på frasane vanskelege å oppfatta. Dette førte òg til at det ikkje blei skikkeleg «bit» i artikulasjonen hjå fiolinane.

Mammutkor

Hiemetsbergers framgangsmåte ville nok fungert betre i akustikken til ei kyrkje. Men i denne konsertsalen, konstruert som han er for store, romantiske orkester, kom barokkorkesteret hans til kort. Chorus sine nomine var det derimot ingen problem å høyra. Med eit mannskap på 60 songarar greidde koret å fylla rommet – og å overdøyva orkesteret, særleg blåseinstrumenta. Problemet er dette: Uansett kor stor korbesetninga er i denne verktypen, blir talet på slagverks- og blåseinstrument verande konstant. Og det er innlysande at to barokke tverrfløyter med sin vedunderleg duse klang ikkje maktar å hamla opp me eit slik mammutkor (som elles er minst tre gonger større enn det Bach sjølv nytta).

Fine ariar

Men juleoratoriet er ikkje berre kor- og orkestermusikk. Det har òg nokre av Bachs vakraste ariar, og det var desse som gav dei finaste stundene. Til dømes den dyssande altarien «Schlafe, mein Liebster» («Sov, min kjæraste») som Sophie Rennert song med varsam legato (bundne tonerekkjer), og tenorarien «Frohe Hirten» («Glade hyrdingar»), som Manuel Günter meistra med suggererande koloratur (lange rekkjer av snøgge, korte tonar).

Juleoratoriet er eit av dei mest spelte juleverka i førjulstida, også i Noreg. Spørsmålet om det høver best i kyrkja eller i konsertsalen, er difor noko me lyt stilla oss heime òg – i år valde til dømes Bergen Filharmoniske Orkester å spela det i Grieghallen, medan Trondheim Symfoniorkester gjorde det i Nidarosdomen.

For min del minte kvelden i Wiener Musikverein meg om problemet med å oppleva altertavler frå mørke mellomalderkyrkjer utstilte i moderne museum – noko av magien gjekk tapt.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Endå eg sat på sjuande rad, såg eg meir til paukane enn eg høyrde dei.

Emneknaggar

Fleire artiklar

KulturFeature

Ein observerande vasar

Are Kalvø er glad i å fjasa, men endå betre likar han å vasa.

May Linn Clement

Filmen til Agnieszka Holland om flyktningar på grensa mellom Polen og Belarus vann juryprisen og var nominert til Gulløva på filmfestivalen i Venezia.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Svartkvitt mareritt

Agnieszka Holland viser rettmessig raseri i grufullt og godt grensedrama.

Ukraina er avhengig av ei rekke våpensystem frå USA, som dette: rakettsystemet Patriot.

Foto: Sean Murphy / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein uunnverleg alliert

Kva blir att av Ukraina dersom våpenleveransane frå USA stoggar?

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis