Hedvig Mollestad Trio leverer
Ding Dong. Your’re Dead byr på katedral og fest på lokalet.
Hedvig Mollestad flankert av Ivar Loe Bjørnestad på trommer og Ellen Brekken på bass og sag.
Pressefoto
Rock/jazz
Hedvig Mollestad Trio:
Ding Dong. You’re Dead
Hedvig Mollestad, gitar; Ellen Brekken, bass og sag; Ivar Loe Bjørnestad, trommer. Rune Grammofon
Hedvig Mollestad er ute med den sjuande trioplata sidan debuten Shoot i 2011. Utgjevinga kjem etter det kritikarroste tingingsverket Ekhidna frå Vossa Jazz i 2019 og som kom på plate året etter. Mollestad har fem av sju låtar på samvitet. Bekken har signert to. Fans av trioen får det dei forventar. Her er feite riff, råe groovar – ei musikalsk urkraft som trioen heilt frå starten har kombinert med eit raffinement som ikkje er daglegdags i sjangeren.
Plata opnar med Bekkens «Leo Flash’ Return to The Underworld». Den riffbaserte låten slår an tonen, og Bekken opnar ballet med eit effektprega basskor. Dette inspirerer Mollestad til eit av dei sterkaste solistiske bidraga på plata. «All flights Cancelled» opnar med eit enkel og kraftfullt riff som blir transponsert før låten etter halvtanna minutt går over i eit Rypdal-inspirert tema med ditto inspirasjonskjelde i gitarsounden og frasane.
Tittelkuttet er meir eit varsel om kva som er i vente, enn eit ferdig forma meisterverk. Det som er i vente, får ein servert i den andre låten til Bekken, «Magic Moshroom». Her utfordrar trioen kvarandre til gagns. Bekken er rett og slett overalt. Trioen gjev ikkje ved dørene. Allereie på neste låt, «The Art of Being Jon Balkovitch», ei hylling til Jon Balke, toppar dei det heile med noko som byrjar som ein invitt til dansegolvet, før Mollestad serverer eit skakt bluesaktig tema som Scofield ville ha vore stolt over å ha laga. Resten er berre ein fest i intrikat samspel og speleglede. Den beste trioplata Mollestad har gjeve ut.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Betlehemsstjerna.
Foto via Wikimedia Commons
2024 eller 2031 etter Kristus?
Når blei Jesus fødd? Kva er utgangspunktet for tidsrekninga vår?
Teikning: May Linn Clement
«Jan Ansgar har levd lenge i trua på at han kan finne mandelen like godt som alle andre.»
Foto: Flamme Forlag
Eit dikt om honning
Honningen – flytande, glitrande, gul som sollyset – er både kvardagsleg og heilag.
Fårete blikk: Sjølvsagt ser maten din på deg. Korleis skulle han elles finne vegen til slaktehuset?
Foto: Wikimedia Commons
Sjølvsagt er vi ikkje dei einaste som har skjøna at hovudet til sauen er god mat.
Midtfjords: ein attraksjon Fylkesbaatane var åleine om.
Foto frå boka: Ole Fretheim
Friskt om ferjer
«Til og med bilar vart køyrde frå den eine ferja til den andre midt ute på fjorden.»