JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Honky Tonk-mannen

Harald Thune har spelt inn dei beste songane sine på ny.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Harald Thune har fått med seg eit A-lag i studio.

Foto: Haraldthune.no

2419
20200814
2419
20200814

Country / Americana

HARALD THUNE:

The Backbounceability of Humans

FAJo Music

Når ein ball sprett tilbake, heiter det på engelsk «to bounce back». Den som reiser seg raskt etter å ha gått på ein smell, har backbounceability. Thune har gått på ein og annan smell, men no slår han tilbake.

Heilt sidan han i trettenårsalderen spelte Johnny Cash-låtar på Nesodden, har Thune halde Cash-fana høgt. I roots- og americanamiljøet i Oslo sidan åttitalet og på klubbane i Live Music Capital of the World, Austin i Texas. Denny Freeman frå Austin, bandleiar for Bob Dylan tidleg på 2000-talet, sa ein gong til meg: «Harold Toon from Oslo. He’s good!»

Men Thune har enno ikkje slått igjennom som plateartist.

På sitt sjette album sidan debuten i 1994 har han plukka ut dei beste songane han har skrive, spelt dei inn på ny og med meir tidsmessig retrosound. Med seg i studio har han musikarar frå det norske A-laget, med Raga Rockers-gitaristen Eivind Staxrud i spissen. Staxrud er samstundes produsent saman med Kai Andersen, eigaren av Athletic Sound Studio i Halden, der plata er spelt inn.

Gitarlyden er herleg twangy. Richard Gjems på munnspel gir ein bluesaura til plata, og det eminente steelgitarspelet kjem frå Tore Blesterud, som har falle ut av krediteringa. Det har ikkje skjedd med Rita Eriksen, kvinnerøysta i den sterke duetten «Mr. & Mrs.».

Rett inn i sjangeren til Conway Twitty og Loretta Lynn med tåredrypande songar om tapt kjærleik, utruskap og alkoholisme:

«I couldn’t care less, if you stayed in the bar/ I couldn’t care less, if you got run over by a car/ I couldn’t care less/ if you stopped bein’ my man.»

Til takta av ein Texas Waltz i mjuk musikalsk innpakking blir desperasjonen svarthumoristisk.

Plata vekslar mellom det vare og det røffe. I det rockabillyaktige opningssporet «Hello Trouble» endar vår mann i baren med «…Hello bartender, my long lost friend/ I fell off the wagon again/ stack ‘em up, I’m goin’ down...». «Mr. Truckdriver» er ein fornikla rockar på veg heim på atten hjul i opptakt til den avsluttande «Vesla». Ein angrande mann som til tonane frå lagnadstunge mariachi-horn har mista alt.

«Så lei meg Vesla, jeg har vært en dårlig fyr/ satt alt det fineste jeg hadde over styr.»

Harald Thune – Mr. Honky Tonk Man i Noreg.

Øyvind Pharo

Øyvind Pharo er forlagsredaktør og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis