Interaktiv popmusikal
Sayonara Wild Hearts er ein svensk spel- og popalbum-hybrid.
Pop
Simogo:
Sayonara Wild Hearts
Annapurna Interactive
Som nemnt då eg skreiv om det trommesolobaserte dataspelet Ape Out, hender det mykje i den musikkorienterte nisjen av dataspelsfæren. Den tyske technoartisten Remute gav til dømes ut eit «album» på ein god, gamaldags Sega Mega Drive 16-bit-kassett i fjor – musikk som berre kan spelast av av lydbrikka i ein slik spelkonsoll. Ganske smalt, men meir tilgjengeleg er det Malmö-baserte spelstudioet Simogos Sayonara Wild Hearts, som blir marknadsført som eit popalbum i dataspelformat og kan spelast på mange plattformer: Playstation 4, Nintendo Switch, IOS, Apple TV, Mac og Windows.
Denne interaktive musikalen har mykje til felles med Daft Punks animerte visuelle album Interstella 55555 og Lightning Bolt-bassisten Brian Gibsons hardtslåande, psykedeliske rytmespel Thumper. Musikken her er derimot ein silkemjuk mikstur av suggererande synthwave og hypnotisk drøymepop som, med rapparen Queen Latifah som forteljar, formidlar ei fasettert, neonbelyst soge om hjartesorg, tarotkort, motorsykkelgjengar og mykje anna.
Spelaren køyrer altfor fort på forskjellige farkostar, mellom andre rullebrett, motorsykkel, elg, kabriolet, seglbåt og drake, og dersom du krasjar i ei av dei mange hindringane, blir det hakk i plata.
Du lyt altså spele høveleg bra for at popmusikken skal spelast av som han skal, men spelet er heldigvis snilt nok til å tilby deg å hoppe over ein sekvens dersom du er involvert i ei viss mengd krasj på rad. Det er høveleg tilgjengeleg, altså. Om ein likar det eller ikkje, kjem mest an på om ein kan setje pris på estetikken.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.