Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Kjenslevar råskap

Nilüfer Yanyas musikk balanserer det tunge og det lette.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1702
20201218
1702
20201218

Rock

Nilüfer Yanya:

Feeling Lucky?

ATO Records

Eit sentralt tema på den London-baserte singer-songwriteren Nilüfer Yanyas debutalbum frå 2019, Miss Universe, var sjølvutvikling. I eit intervju med kringkastaren KEXP fortalde Yanya om balansegangen mellom å akseptere seg sjølv og å forbetre seg sjølv, og at to ting ho sjølv hadde lært seg å akseptere, var stemma si og måten ho speler gitar på. Det skal vi vere takksame for, for albumet bydde på ei rekkje framifrå låtar med finurleg produksjon og djuptloddande tekstar framførte med Yanyas unike, uttrykksfulle stemme.

Ho har halde fram med å utvikle uttrykket sitt. Låtane på den nye EP-en Feeling Lucky? verkar samtidige og nyskapande samstundes som inspirasjonen frå 80-talsrock av ymse slag er tydeleg. Rockeballaden «Same Damn Luck» startar forsiktig, men svulmar gradvis opp med stadig større harmoniar og tjukke The Cure-aktige gitareffektar og synthlydar, og «Day 7.5093» har djupe spor av The Polices reggae-inspirerte new wave – pluss eit bjølleaktig synthparti som, som seg hør og bør når det nærmar seg jul, bringar tankane til Wham.

I musikkvideoen til «Crash», ein låt prega av ein Pixies-aktig, hårfin balanse mellom det råe og det kjenslevare, opptrer artisten i rolla som elgitarspelande flyvertinne. Flykabinen av tape og aluminiumsfolie er ein effektiv, enkel og kompleks metafor, og når songen etter kvart tumlar nedover tonerekka og brått endrar karakter om att og om att, er det eit typisk døme på den intuitivt utspekulerte detaljrikdomen i virket til Nilüfer Yanya.

Rasmus Hungnes 

Rasmus Hungnes er musikar, kunstnar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis