Klang av klassekamp
Sleaford Mods lagar arbeidarklassemusikk av klasse.
Sleaford Mods er ein duo med musikar Andrew Fearn (t.v.) og vokalist Jason Williamson.
Foto: Rough Trade Records
Elektronisk/ Rock
Sleaford Mods:
All That Glue
Rough Trade Records
«Music for the masses, I’m out classed here mate.» Slik startar «Mcflurry», første låt på den britiske elektropunkduoen Sleaford Mods’ første samleplate.
Musikken kan ved første øyrekast framstå som enkel, men under dei repeterande rytmane og konsise basslinene ligg lag på lag med hypnotiske elektroniske lydar og ymse samplingar av til dømes dommarfløyter, telefonsamtalar og innbrotsalarmen frå huset ved sida av studioet. Og i sentrum for det heile står velferdsrådgivaren og kyllingslakteriarbeidaren Jason Williamsons slampoesiaktige vokal.
Williamson formidlar for det meste bodskapen gjennom spoken word, som den britiske arbeidarklassens svar på Gil Scott-Heron. I dokumentarfilmen Bunch Of Kunst (2017) hevdar han at han ganske enkelt talar om det som opptek han, og at å bli kalla «folkets røyst» kjennest litt vel grandiost. Men det er nettopp det ærlege her som appellerer til så mange. Ved å tale på stream-of-consciousness-pub-aktig vis om meiningslause jobbar og absurde arbeidsavklaringsmøte, rører han ved nerven i det politiske Storbritannia.
Stundom kan det virke som om det herskar ei tru på at vi har eit klasselaust samfunn her i Noreg. Men måten den middelaldrande, norske kvinna på Rema 1000 her om dagen aggressivt beordra tre bygningsarbeidarar (og berre dei) til å vaske hendene, tyder på noko anna. «Kor gamle er de, ti år?» sa ho på engelsk. «Beklagar», svara dei med rotnorsk austlandsaksent, og kvinna sank ned i ei myr av sine eigne fordommar om klasse og europeisk etnisitet. Ikkje ver slik. Høyr på Sleaford Mods og bli vis.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen