Klimabølgje
Climatewave uttrykkjer vêr- og klimamessig vemod.
Elektronisk
musikk
Ymse artistar:
Climatechangewave
Sunset Grid
Den siste tida har hittil uhøyrde mengder musikk i ein undersjanger av den samplebaserte internettmusikktradisjonen vaporwave skylt over den frie distribusjonsplattforma Bandcamp.com. Stilarten, som gjer vidstrekt bruk av samplingar frå vêrmeldingar, stutte kjenningsmelodiar og prognosar likeins, blir kalla climatewave.
Blant dei mange utgjevingane (til dømes Tiden Har Kommet av britiske Zecco), er det australske plateselskapet Sunset Grids samleplate c l i m a t e c h a n g e w a v e ekstra inspirerande. Her har eit utal artistar gått saman med velgjerdsføremål: Inntektene går til dyre- og skogbrannvernsorganisasjonar i Australia, som er i den paradoksale situasjonen at dei merkar klimaendringane på kroppen gjennom til dømes dei massive skogbrannane i 2019 og 20, men har ei klimaskeptisk regjering som mellom anna har kutta finansieringa til dei friviljuge brannkorpsa.
Den 121 låtar lange samlinga byd på litt av kvart, mellom anna ACID.rars spor Burn Scomo, bygt rundt jazzslageren «I Don’t Want To Set The World On Fire», «Consequence» av Datagirl, som samplar Iron and Wines «Teeth in the Ground», og Ealing.s «Gucci Snowman», som krinsar kring ei sampling av den kjende hiphopartisten Gucci Mane.
Det har blitt sagt om climatewavesjangeren at han manar fram kjensla av å sitje fast i ei evigvarande vêrmelding. Grunnen til at det kjem slik ei bølgje av slik musikk nett no, er nok at vi eksisterer i ei kollektiv tilstand av global, langsiktig klimaprognostisering, og denne gongen kan vi faktisk påverke det – til det betre, eller til det verre, slik karbonkapitalistiske dommedagspropagandalobbyorganisasjonar som CLINTEL og dei norske fanghundane deira i Klimarealistene kjempar for.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, trommeslagar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen