Kling no klokka
Her er tre juleplater, om du no leiter etter skråblikk eller høgtid – eller begge delar.
Knut Reiersrud og Iver Kleive har gjeve ut fleire julealbum.
Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix
Julemusikk
Rodney
Crowell:
Christmas Everywhere
JD McPherson:
Socks!
New West/Border
Knut Reiersrud og Iver Kleive:
Natt i
desember
Kirkelig Kulturverksted
Vi snublar inn i nok ei juletid, og har til og med ei helg å komme oss til hektene på før julaftan – skal vi få på noko julemusikk? Lat oss seie at svaret ditt på dette spørsmålet er eit rungande: «Ja!»
Då er det ikkje usannsynleg at du allereie veit kva du vil setje på. Du har dine tradisjonar, og veit kva som skal til for å få stemninga til å senke seg for din del. Men kanskje er du på utkik etter noko nytt?
For det manglar jo ikkje akkurat på nye alternativ i år heller. Kanskje har du allereie fått nok. Men somme lesarar vil nok vere av den lakoniske typen og lure på kva slags smått ikonoklastiske variant dei skal leite seg fram til i år. Finst det ei plate som tør å utfordre det glatte, krampaktige kosehysteriet? Som ei trøyst, når det no er alvor for alvor?
Småkrast skråblikk
Om du treng ein dose av akkurat det, vil kanskje Rodney Crowells Christmas Everywhere (New West/Border) vere ein god medisin. Som veteranen Rodney sjølv seier det i presseskrivet: «My childhood memories of Christmas aren’t warm and fuzzy.»
Titlar som «Merry Christmas From an Empty Bed», «Let’s Skip Christmas This Year» og «Christmas Makes Me Sad» seier noko om terrenget vi er på veg inn i, og kontrasten mellom munter musisering og småkrast skråblikk har noko uimotståeleg ved seg. «Mama wants a kitchen sink, daddy wants a stiffer drink», heiter det i tittelsporet, som i alle fall får mitt humør opp.
Smilet sit også laust når ein lyttar til Socks! (New West/Border), den fjerde plata til JD McPherson, som kanskje ikkje er like kompromisslaus som Crowell, men som likevel er uredd i omgangen med alt som smakar av juletradisjon, og som også byr på nyskrive materiale. Mest av alt er kanskje Socks! ei retrorockeplate som tilfeldigvis dreier seg om juletid, og som det svingar ganske bra av – nok ein gong er tittelsporet talande, for her dreier det seg om gåva ingen småtassar ønskjer seg, nemleg sokkar. Æsj! Temaet dukkar opp igjen i muntre «Ugly Sweater Blues», der det dreier seg om tullet ein må kle seg i for å kle seg rett når det er jul.
Høgtid i høgtalarane
Ja ja. For eit styr. Vi treng slik musikk, men i år vil eg likevel ha høgtid ut av høgtalarane mine og kjem nok til å setje på Natt i desember (Kirkelig Kulturverksted), plata Knut Reiersrud og Iver Kleive har laga i Haderslev domkirke på Syd-Jylland.
Oppskrifta vil fleire kjenne frå Blå korall (1991), Himmelskip (1996) og Nåde over Nåde (2006), men julesongen, her representert ved songar som «Jeg synger julekvad» og «Deilig er jorden» (framført med oud!), for å nemne eit par, står fram med nytt liv på dette albumet, og det gjer inntrykk på meg – det dreier seg jo om materiale som er så tungt nedfelt i tradisjon at det verkar vanskeleg å gjere noko nytt med det.
Reiersrud og Kleive har vore inne i dette landskapet før, då dei laga Rosa frå Betlehem (1992) saman med Sondre Bratland, ei plate det finst ekko frå også på Natt i desember, ikkje minst i den storslegne tolkinga av «Kling No Klokka».
Så er det likevel noko med dette nye albumet av året som får meg til å tenkje at det ber i seg ein julebodskap vi alle kan samlast om, uansett etnisitet og tru – og at det er den ordlause musikken som rommar denne gesten, med den rause invitasjonen til forsoning og samkvem, for alle som vil komme inn. Kva kan eg seie? Det er akkurat det vi treng.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.