Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Kultivert råskinn

Med Vivaldi vender Giovanni Antonini attende til sitt sanne metier.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Il Giardino Armonico med blokkfløytisten Giovanni Antonini som tredje frå høgre.

Foto: Lukasz Rajchert

2974
20210129
2974
20210129

CD

Antonio Vivaldi:

Concerti Per Flauto

Giovanni Antonini, blokkfløyter; Il Giardino Armonico. Alpha 2020

Barokkmusikken har to soger: den i barokken på 1600- og 1700-talet, og den i vår tid, då repertoaret og framføringsmåtane frå barokken blei «gjenoppdaga» i andre helvta av 1900-talet. Det tok fleire tiår før musikarane hadde denne «nye» gamle framføringsstilen under huda. For høyrer me innspelingar med tidlegmusikkpionerane frå 1960- og 1970-åra, er der kan hende mykje ånd og skjøn, men klangen vitnar om at dei gamle instrumenta framleis var nye for musikarane: Det humpa og gjekk, og surt let det rett som det var.

1990-åra var eit paradigmeskifte. Musikarane hadde no internalisert det historiske musikkuttrykket og handsama barokkinstrumenta som om dei aldri skulle ha gjort anna. Særleg skuledannande var det italienske ensemblet Il Giardino Armonico (grunnlagt 1985): Aldri hadde nokon før spelt Antonio Vivaldis (1678–1741) konsertar med kvassare artikulasjon, røffare markert frasering og større tempokontrastar mellom satsane. Råskinnet som framleis leiar dette ensemblet, er den milanesiske blokkfløytisten Giovanni Antonini.

Attende til Vivaldi

Antonini har dei siste tiåra hatt ein andre karriere som dirigent, med wienarklassikarar som Haydn og romantikarar som Beethoven på repertoaret. Men med CD-en Concerti Per Flauto vender han attende til sitt sanne metier, nemleg virtuose blokkfløytekonsertar frå Italias musikalske gullalder kring 1700. Korleis står så Antonini seg om me jamfører med yngre utøvarar?

Vivaldi-albumet inneheld seks blokkfløytekonsertar. Den i C-dur, RV 443, er ein god prøvestein, sidan han er mest kjend. Den snøgge fyrstesatsen (utan satsnamn) er nytta i filmar og reklamar og vekkjer assosiasjonar til Venezias dampande kanalar ein seinsommardag. Og har du ikkje høyrt den roleg melodiøse andresatsen «Largo» i ei gravferd, har du ikkje vore i mange nok gravferder.

Gode tempi

Antonini spelar ikkje opningssatsen for snøgt, slik ein høyrer i mest alle nyare innspelingar av verket. Går satsen for raskt, kollapsar nemleg den svingande tredelte takten i refrenget og det kling berre hektisk; dei snøgge soloepisodane mellom refrenga er uansett virtuose nok i moderat tempo. Og den rolege midtsatsen «Largo»? Også her treffer Antonini tempo og stemning godt, og gjennom improviserte ornament blandar han inn vakre dissonansar som gjev den søte melodien eit bittert islett.

Er det så noko att av det gamle råskinnet Antonini? Ja, barskingen får me òg, i F-dur-konserten med tilnamnet «La tempesta di mare», RV 433. Denne «stormen på havet» syner solist og orkester på sitt beste: Dei tøyer grensene, men overdriv aldri, og musiserer saman som eit ekte ensemble. Den sjølvforelska åleinegangen mange yngre solistar legg ut på, slepp me.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis