Kuriøse samlingar
Korleis klang den nederlandske orkestermusikken på Vivaldi, Bach og Händels tid?
Korenbeurs (kornbørsen) i Amsterdam med Oude Kerks kyrkjetårn i bakgrunnen. Kolorert koparstikk frå midten av 1700-talet.
CD
Ymse komponistar:
Baroque Concerti from The Netherlands
Combattimento Consort, dir.: Jan Willem de Vriend; Musica Ad Rhenum, traverso og dir.: Jed Wentz. Brilliant Classics 2021.
Ingen av dei fire CD-ane me skal ta føre oss her, er nye. Ny er derimot samanstillinga til eit tematisk samanhengande album som gjev innblikk i den nederlandske orkestermusikken på 1700-talet. Komponistane har nok dei færraste høyrt om.
Sjølv om dei kan plasserast trygt i den seinbarokke tradisjonen, er musikken deira stundom påfallande særmerkt. Dette har ikkje med ein spesiell «nederlandsk stil» å gjera, men med dei stilistiske særtrekka ved einskildkomponistane. Slik «personalstil» får dei to ensembla på platene, Combattimento Consort og Musica Ad Rhenum, godt fram. Spelet deira er teknisk lytefritt, og særleg dei snøgge satsane uttrykkjer fengjande entusiasme.
Musikklivet
Republikken Dei sameinte Nederlanda var på 1700-talet eit av dei rikaste landa i Europa. Amsterdam verka som ein magnet på omreisande musikarar – her fekk dei spelt offentlege konsertar og trykt verka sine i den blømande musikkforlagsbransjen. Men sjølv om musikklivet var rikt, avla nederlendarane overraskande få eigne komponistar av rang, noko som kan ha med konfesjonen deira å gjera. I katolske land tilførte kyrkja samfunnet ein jamn straum av musikalsk velutdanna korgutar, og i lutherske land fekk borna grundig musikkopplæring i skulen.
I den reformerte nederlandske kyrkja, derimot, spelte ikkje kyrkjemusikken den same rolla – i gudstenesta var det anten rein salmesong eller rein orgelmusikk. Kan hende førte dette til at færre unge talent blei oppdaga? Når institusjonane mangla, var det uansett vanskeleg å gå i lære som musikar. Konservatoria kom ikkje før på 1800-talet.
Combattimento Consort
Dei to fyrste CD-ane er med Combattimento Consort, eit ensemble frå Amsterdam som ikkje spelar på «originalinstrument», altså kopiar av instrument frå barokken, men på moderne instrument. Likevel får dei det til å klinga dønn barokt. Den fryste plata er vigd Pieter Hellendaal (1721–1799) frå Rotterdam, eit vedunderbarn som elleve år gamal fekk fast stilling som organist i Utrecht. I 1752 slo han seg ned i England, der han blei organist ved Cambridge-universitetet.
Six Grand Concertos, op. 3 (1758), er komponert i stilen til G.F. Händel, som var Englands suverene musikarpersonlegdom. Likevel høyrer me nokre genuint personlege vriar, til dømes i den snøgge andresatsen i d-moll-konserten, der kromatiske melodiliner i fiolinane fører til pikant harmonikk.
Plate nummer to byr på den historisk mest kuriøse samlinga, nemleg Sei Concerti Armonici (1740). I nesten 200 år trudde ein at desse seks strykarkonsertane var av sjølve G.B. Pergolesi – det var difor russaren Igor Stravinskij nytta musikk herifrå til balletten Pulcinella i 1920.
Fyrst i 1979 blei det slått fast at komponisten var den nederlandske greven Unico Wilhelm van Wassenaer (1692–1766), som prenta stykka anonymt – for folk av hans stand høvde det seg ikkje å stå offentleg fram som kunstnar. Den adelege dilettanten imponerer meg, med alt frå rolege, galante ariar til lærde og fugeaktige finalar.
Musica Ad Rhenum
På dei to siste CD-ane spelar originalinstrumentensemblet Musica Ad Rhenum under leiing av fløytisten Jed Wentz. Willem de Feschs (1687–1757) VI Concerti Opera Quinta (1730) fyller den tredje plata. Ho inneheld den mest moderne musikken, prega av rokokkoens lettskap og eleganse. Særleg gjeld dette den fjerde konserten i D-dur, som har lange parti med perlande fløyter og fiolinar åleine, utan bass. Seinbarokkens største motekomponist, G.P. Telemann, kunne ikkje gjort det betre.
Den fjerde og siste CD-en skil seg ut: Dei fem komponistane me høyrer, stamma ikkje frå Nederland, men var utlendingar som arbeidde der. Skal eg trekkja fram éin av dei, må det bli cembalovirtuosen Conrad Friedrich Hurlebusch (ca. 1795–1765) frå Braunschweig i Tyskland. I 1743 busette han seg i Amsterdam og blei organist i Oude Kerk (kyrkja me ser tårnet av på biletet). Konserten hans for oboar og strykarar i a-moll syner ein påhittsam, ja, smått bisarr komponist med sans for melodiske og harmoniske overraskingar.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.