Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Kvervande lirekasse

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Duoen Pablo Márquez og Anja Lechner.

Duoen Pablo Márquez og Anja Lechner.

Foto: Gilles Abegg / ECM

Duoen Pablo Márquez og Anja Lechner.

Duoen Pablo Márquez og Anja Lechner.

Foto: Gilles Abegg / ECM

1025
20181130
1025
20181130

CD

Franz Schubert, Friedrich Burgmüller:

Die Nacht

Anja Lechner, cello; Pablo Márquez, gitar. ECM 2018

Den eine komponisten denne duoen gjev oss, er svært kjend, den andre ditto ukjend. Likevel greier dei å spela verka til den kjende på ein ukjend måte – i eigne omarbeidingar for cello og gitar. Winterreise, D 911, er wienaren Franz Schuberts (1797–1828) mest fengslande syklus for song og klaver. Arrangementet av «Lirekassemannen», den siste songen frå samlinga, fungerer best, for duoen får godt fram Schuberts imitasjon av den kvervande lirekasselyden. Like fin er versjonen av «Arpeggione»-sonaten i a-moll, D 821, som har den for Schubert så typiske ambivalensen mellom melankoli og eleganse. Og stykka til den ukjende komponisten? Tyske Friedrich Burgmüllers (1806–1874) 3 nocturnes er faktisk originalmusikk for cello og gitar. Stykka er truskuldig romantiske i uttrykket – verkeleg godt er berre det fyrste av dei, der Burgmüller får fram klanglege bilete av nattleg lengt.

Sjur Haga Bringeland

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

CD

Franz Schubert, Friedrich Burgmüller:

Die Nacht

Anja Lechner, cello; Pablo Márquez, gitar. ECM 2018

Den eine komponisten denne duoen gjev oss, er svært kjend, den andre ditto ukjend. Likevel greier dei å spela verka til den kjende på ein ukjend måte – i eigne omarbeidingar for cello og gitar. Winterreise, D 911, er wienaren Franz Schuberts (1797–1828) mest fengslande syklus for song og klaver. Arrangementet av «Lirekassemannen», den siste songen frå samlinga, fungerer best, for duoen får godt fram Schuberts imitasjon av den kvervande lirekasselyden. Like fin er versjonen av «Arpeggione»-sonaten i a-moll, D 821, som har den for Schubert så typiske ambivalensen mellom melankoli og eleganse. Og stykka til den ukjende komponisten? Tyske Friedrich Burgmüllers (1806–1874) 3 nocturnes er faktisk originalmusikk for cello og gitar. Stykka er truskuldig romantiske i uttrykket – verkeleg godt er berre det fyrste av dei, der Burgmüller får fram klanglege bilete av nattleg lengt.

Sjur Haga Bringeland

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis