Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Luftig sentimentalitet

The Longest Road On Earth er ein to timar lang interaktiv indiepopmusikkteiknefilm.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dyremenneske.

Dyremenneske.

Dyremenneske.

Dyremenneske.

1809
20210528
1809
20210528

Pop

Beícoli:

The Longest Road On Earth

Brainwash Gang / Raw Fury

Førre veke dukka den heller harry musikkspelhybriden Of Bird And Cage opp, og torsdag denne veka blei det visuelle, interaktive indiealbumet The Longest Road On Earth lansert. Sistnemnde er utvikla av det uavhengige Madrid-baserte studioet Brainwash Gang og har songaren og låtskrivaren Beícoli som frontfigur.

Beícoli har ei ven stemme som kling godt både med den akustiske, americana-inspirerte instrumenteringa og dei elektroniske pop- og trip hop-aktige arrangementa. Medan dei tjuefire songane vert spelte av på rekke og rad, trer lyttaren­/ spelaren inn i rollene som forskjellige dyremenneske i kvardagslege situasjonar framstilt med ein nostalgisk, todimensjonal, pikselert svartkvittstil.

I Of Bird And Cage var spel og musikk gjensidig distraherande, og det var like greitt, sidan både musikken og historia var svake. Musikken i The Longest Road, derimot, er kompetent. Få av låtane er særleg originale, men til gjengjeld fungerer det enkle, kvasi-interaktive visuelle narrativet godt i samspel med musikken.

For underteikna ville musikken åleine hatt liten appell, men det oppstår ein rørande resonans mellom bileta, musikken og lyrikken – sjølv når ukuleleklimpringa, dei opne kassegitarakkordane og den minimale perkusjonen blir så repeterande at mentaliteten min elles ville migrert.

Den enkle interaksjonen leier for det meste merksemda mot det musikalske framfor å konkurrere med det, og bidreg til å mane fram ein merkeleg, open sentimentalitet. Det er truleg sant som Beícoli syng i låta The Remedy: Historia oppstår i hovudet ditt.

Rasmus Hungnes 

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis