Miljøpoeten Seglem
Heilskapen i prosjektet Oljelenkjer imponerer.
Karl Seglem kombinerer eigen musikk og poesi med illustrasjonar laga av Inger Lise Belsvik.
Foto: Ådne Dyrnesli
Poesi / CD
Karl
Seglem:
Oljelenkjer
Karl Seglem, oksofon, bukkehorn, tenorsaks, synth og vokal; Ketil Thorbjørnsen, gitar; Alf Magne Hillestad, trommer, perkusjon og programmering; Andreas Ulvo, tangentinstrument; Hallvard Gaardløs, bass; Erlend Viken, fele; Sigurd Hole, bass; Jonas Howden Sjøvaag, trommer, perkusjon; miksing og mastring; Kenneth Lien, langeleik og munnharpe; Kasper Dyve, gitar; Kåre Opheim, trommer; Torgeir Bolstad, bass; Ørnulf Dyve, synth; Inger Lise Belsvik, illustrasjonar.
Nye Nor NYENOR6105
Åtte komposisjonar og like mange dikt og illustrasjonar utgjer det Seglem og Belsvik har kalla ei poesiCDbok. Musikarane fordeler seg på fire konstellasjonar, eller band, om ein vil. Den dominerande bolken er suiten i fire delar som ber tittelen Oljelenkjer, men eigentleg framstår dette som eit samla opus.
Komposisjonane kan med interesse lyttast til som frittståande instrumentalar, men det er i samanheng med tekstane at musikken for alvor kjem til sin rett. Seglem er kjent for å vera sjenerøs med studioklangen og kan laga mektige lydbilete. Her er det klanglege eit berande element.
Tekstane er ikkje dommedagsprofetiar. Seglem viftar ikkje med moralske peikefingrar. Tvert om. Seglem har dette Rolf Jacobsenske tvisynet – teknologi er fascinerande og skremmande, men iført den musikalske hamen blir uttrykket ofte overveldande dystopisk. Berre i «Skir» tek Seglem oss inn i den groovande varmen.
Banda leverer heile vegen, men det må vera lov å dra fram det arbeidet Hillestad har lagt ned i produksjonen – treffsikkert!
Belsviks illustrasjonar er abstrakte kommentarar til Seglems musikk og poesi. Eg sit att med same kjensla eg fekk i selskap med dei mange banebrytande LP-omslaga som velsigna oss på 1970-talet.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.