Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Musikk + ord = sant

Ny musikkradio frå Jonathan Richman og Annie Clark.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Multiinstrumentalist St. Vincent på scena i Boston i 2018. No er Annie Clark, som er fødenamnet hennar, klar med radioprogram.

Foto: Winslow Townson / AP / NTB scanpix

3672
20200911
3672
20200911

Radioserie

Jonathan Richman:

Just a Spark, On Journey From the Dark

Blue Arrow Records

Radioserie

Annie Clark:

St. Vincent: Words + Music

Audible

Musikkradioen lever i beste velgåande i den digitale tidsalderen. Kanskje høyrer også sjangeren til mellom dei som ser ein ny vekst når den globale pandemien herjar, med få konsertar og mange heimekveldar som følgje? I løpet av det siste halvåret er det ikkje få artistar som har funne nye måtar å kommunisere med publikum på. Med det oppstår det også nye former for formidling og kontakt.

Det er altså dårlege tider for mangt, men ikkje for musikkradio. Mangfaldet er stort, i innhald og format, og spenner frå det spontane til det langtidsplanlagde, frå lågskala til høgskala produksjonar – noko ferske bidrag frå Jonathan Richman og Annie Clark illustrerer godt.

Sistnemnde er først ut i «Words & Music», ein nylansert serie frå den amerikanske lydbokgiganten Audible, som har inngått ein avtale med produksjonsselskapet Gunpowder & Sky. Det inneber profesjonalitet i alle ledd, og eit strigla produkt, men også ei kvalitetssikring som held mål for ein artist som St. Vincent.

Kontrastar

Det er likevel eit viktig poeng at det er Annie Clark vi får eit møte med, mennesket bak artistnamnet St. Vincent, snarare enn den populærkulturelle figuren ho har konstruert og opptrer som. At skiljet er viktig, kjem fram fleire gonger i løpet av programmet, der Clark fortel om kvifor ho valde eit slikt namn, og kor merkeleg det er å skulle balansere mellom to ulike typar tilvære. Er du vand med jubel frå titusenvis av fans den eine kvelden, vert det brått taust når du kjem heim etter ein turné, for det er ingen applaus å vente når du lagar toast på kjøkkenet. Det dreier seg om vanvittige kontrastar, som fører med seg gåver, men og kostnader.

Clark er ein framifrå forteljar og ein reflektert observatør. Vi får høyre nokre velvalde songar, og det er fascinerande å finne ut meir om korleis dei vert til, og kva som ligg bak. Ho maktar også å fortelje mykje frå sitt indre og private liv, utan at det nokon gong bikkar over i det tabloide. Vinnarlodda er som kjent ujamt fordelt i det Clark refererer til som «det store dopaminlotteriet», og forteljingar om angst allereie i barneåra gjer inntrykk. Programmet er strukturert som kronologisk livsforteljing, med barndom i Texas og storbyliv i Boston og New York i ung vaksen alder, og det fungerer godt. Dersom nivået er sett med dette, er det berre å sjå fram til komande episodar av «Words & Music», med Sheryl Crow (akkurat ute), Smokey Robinson og Alanis Morrissette.

Observasjonar

Kontrasten er stor til første episode av Jonathan Richmans nye serie «Just A Spark, On Journey From the Dark», der vegen meir vert til når ein går, utan at det gjer noko. Med seg i studio i Chico i California har Richman i første utgåve med seg eit oversiktleg ensemble: Nicole Montalbano trakterer strengeinstrumentet tambura, og elles er Jake Sprechner med på orgel og som opptaksmann.

Allereie frå første sekund vert det herleg klart at vi kan vente oss meir eller mindre kva som helst. I tillegg til ein ny, typisk Richmansk kjærleikssong, får vi ein komposisjon inspirert av artistens minne om heimvegen frå skulen, som var vel åtte kilometer lang og «like lang enten det var sommar eller vinter». Det vesle stykket musikk får Richman til å bryte ut i nokre poetiske observasjonar, og så er dei knappe ti minutta med radio over.

Neste episode skal etter planen vere tilgjengeleg frå sidene til Blue Arrow Records allereie komande tysdag.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis