JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Atmosfærisk balansekunst

Mange element hindrar at det tippar over.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1694
20170901
1694
20170901

MUSIKK OG POESI

Ellen Bødtker:

Jeg ser

Ellen Bødtkter: harpe; Arve Henriksen: trompet; Erik Honoré: synth og elektronikk; Eirik Raude: slagverk; Bjørn Floberg: stemmeEiga utgjeving

Ellen Bødtker er ein klassisk skolert harpist som òg er kjend for å nytta orkesterharpa i nye konstellasjonar, frå samspel med Sølvguttene til samtidsmusikk. Den førre plata hennar var eit samarbeid med Jan Erik Vold, og også denne gongen står lyrikken sentralt, men her med tekstar av Sigbjørn Obstfelder, framført av skodespelaren Bjørn Floberg.

Ambisiøst

Føremålet med prosjektet er ein smule ambisiøst når Bødtker i tekstheftet skriv at ho «tok med meg harpen ut i universet på jakt etter planetenes klanger». Også klangleg balanserer prosjektet på grensa mot det pompøse, med Obstfelders undrande ord kledde i «atmosfæriske» elektroniske lydteppe. Dessutan er harpa i seg sjølv eit instrument som – med sin mjuke klang og visuelle tradisjon knytt til englebilete og julekort – har særlege utfordringar når ein skal skape ny musikk.

Spanande detaljar

Men her er det er mange element som hindrar at det tippar over: Medmusikarane er av dei beste som finst i det musikalske grenselandet mellom det lyrisk svevande og det eksperimentelle. Ikkje minst er Bødtkers komposisjonar og harpespel spekka med spanande detaljar, som alternative speleteknikkar og elektronisk manipulering.

Når ein har lagt fordommane til side, ser ein gradvis at dette ein produksjon der ein heile tida kan oppdage nye kvalitetar, sjølv om førsteinntrykket er prega av skepsis.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikkvitar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis