Her er det økonomisert til perfeksjon med verkemidla.
JAZZ
Jon Eberson Group:
Bak jorda ein plass
Jon Eberson, gitarar, Hilde Marie Munroe Kjersem, vokal og Sigurd Hole, bass.
JEG RECORDS JEG005
Det er historisk sus over dette bandnamnet. 36 år har gått sidan førsteutgåva av Jon Eberson Group gav ut legendariske Jive Talking. Den noverande utgåva av bandet gav ut si første plate i 2010 med Comfort Call. Alt året etter var det duka for oppfølgjaren The Coarse Sand And The Names We Wrote. Den tredje plata har late venta på seg. Så dette er ei etterlengta utgjeving, og ho innfrir.
Eberson har skrive musikk og Kjersem har skrive tekst til åtte låtar som har ein melankolsk grunnstemning og går i ballade og til tider opp mot medium tempo. Nokre av låtane, mellom andre «Hvis du spør» og den Joni Mitchell-aktige «Desemberkvit», legg seg til rette i øyra med éin gong. Andre låtar må ein jobba litt med å få fatt i.
Det som imponerer aller mest, er det grundige arbeidet som er gjort med arrangementa, og måten bandet brukar studioet på. Eberson spelar både akustisk og elektrisk gitar. Dette berande elementet i arrangementa er utsøkt avstemt. Eberson tildeler seg sjølv avgrensa solistisk rom, men dei ytringane som kjem, er gjennomtenkte og særs velformulerte. Sigurd Hole fyller komprolla på ulasteleg vis.
Det vokale uttrykket til Hilde Marie Munroe Kjersem kler musikken til Eberson. Det er noko dystert i uttrykket hennar når ho syng i det lågare registeret. Ho nærast lespar fram teksten i «Alle bilar står». I neste omgang kan ho syngja i det øvre registeret med ein florlett vibrato. Det er ikkje dei store faktene som kjenneteiknar songstilen til Kjersem, men innspelinga avslører henne i kvar minste detalj, og det er godt å høyra på. Jon Eberson Group anno 2017 er skikkeleg hipt.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.