Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Inderberg spelar i favorittformatet sitt – trioen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1915
20170512
1915
20170512

Jazz

John Pål Inderberg Trio:

Linjedalsleiken

John Pål Inderberg, barytonsaks; Trygve Waldemar Fiske, bass; Håkon Mjåset Johansen, trommer.
PONCA JAZZ RECORDS PJRCD 129

John Pål Inderberg har drive eit vekselbruk med pols og cool jazz i meir enn ein mannsalder. Sjølv om han har vore å finna på plater i ein endå lengre periode, har han påfallande få innspelingar registrerte i eige namn. I høve til folketalet har Noreg mange – og mange særmerkte – jazzmusikarar, men det spørst om me har ein meir særmerkt improvisator enn nettopp Inderberg. Hadde Inderberg vore amerikanar, hadde han vore ei verdsstjerne, hevdar fleire. Dette er eit fint kompliment, men det originale med spelet hans er kombinasjonen av folkemusikk- og jazzpåverknad: Steinkjer møter New York, for å seia det slik.

Inderberg har i mange år jobba med Svein Folkvord og Stein Inge Brækhus i Subtrio. Delar av repertoaret frå denne trioen har Inderberg teke med seg over i den nye trioen, mellom anna Gullins «Fine Together», Konitz-låtane «Subconscious-Lee» og «Dream Stepper» og, sjølvsagt, Benny Golsons uslitelege «Whisper Not». Eitt av varemerka til Inderberg er å laga medleyar av polsar og standardlåtar. Det gjer han også her ved eit par høve. Han viser «slektskap» mellom musikkformene ved å understreka melankolien som fellesnemnar. Kombinasjonen «Andalsleken» (ein pols etter Erling Sundet og Oline Sofie Bakkom), «Play, Fiddle Play» (Altman, Lawrence og Deutsch) og «Kary’s Trance» (Konitz) er høgdepunktet på plata. Strykebassen til Fiske under Inderbergs spel i polsen er utruleg effektfullt.

Mykje av musikken svingar friskt utan at det på noko vis rokkar ved den avslappa og tilbakelente stemninga i studio, og Inderberg har ei makelaus evne til å finna nye vriar på eit godt brukt materiale.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis